Bath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bath

Royal Crescent i Bath
Royal Crescent i Bath
Plassering
Bath is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Somerset
Distrikt Bath and North East Somerset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

94 650
Koordinatar 51°23′″N 2°21′″WKoordinatar: 51°23′″N 2°21′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BA1, BA2
Telefon-retningsnummer 01225
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bath

Bath er ein by i Somerset i England. Han utgjer kjernen i den sameinte styresmakta Bath and North East Somerset. Byen vart grunnlagt i samband med eit romersk kurbad, og har namn etter dette. Frå elisabethansk tid til georgiansk tid var han ein kurstad for rike engelskmenn. Byen er ein verdsarvstad.

Bath er heim til to universitet. University of Bath, som blir rekna som eit av dei beste i Englnad, og Bath Spa University.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene som ligg i Bath var kjent av keltarane, og vart av dei vigde til gudinna Sulis. Romarane identifiserte henne med Minerva, men fortsette å bruke det keltiske namnet, slik at byen vart kjent som Aquae Sulis («Sulis-vatnet»).

Det romerske badet med Bath Abbey i bakgrunnen

I løpet av den romerske perioden vart det stadig reist større og flottare tempel og badeanlegg i Bath. Mot slutten av det 300-talet vart det òg reist forsvarsmurar rundt byen.

Etter romarane trekte seg attende frå Britannia forfall bada, men det finst bevis for at dei var i bruk òg i mellomalderen. Angelsaksarane kalla staden for Badðum, Badðan eller Badðon, som tyder «ved bada», noko som har gjeve dagens namn. I 577 stod slaget ved Deorham i nærleiken. Ceawlin av Wessex slo seg fram til havet og splitta dei romano-britiske styrkane, slik at Bath fall i hendene hans kort tid etter. Einskilde har fremja teorien om at slaget ved Mons Badonicus òg stod ved Bath, basert på den angelsaksiske namneforma. Det finst ikkje anna som tyder på at dette er korrekt.

I 675 etablerte Osric av Hwicce eit kloster i Bath. Offa av Mercia tok byen i 781, på eit tidspunkt der han ikkje bestod av så mykje anna enn klostret. Han bygde ei ny kyrkje, vigd til apostelen Peter, og gjorde byen til kongeleg eigedom. Det romerske rettlinja gatenettet forsvann, og kong Alfred den store la han ut på nytt med klosterområdet i det søraustlege hjørnet.

Bath Abbey

Kong Vilhelm Rufus gav byen til livlegen sin, Jean de Tours, som vart biskop av Wells og abbed av Bath i 1088. Han fekk òg løyve til å flytte bispesetet frå Wells til Bath, og vart dermed første biskopen av Bath. Han bygde ei større kyrkje som katedral, og la eit bispepalass ved sida av han. Det vart òg reist nye bad rundt dei tre kjeldene. Seinare biskopar føretrekte å bu i Wells, og bispedømmet fekk dermed to katedralar og vart kjent som Bath og Wells. I 1500 var katedralen i Bath i dårleg stand, og biskop Oliver King avgjorde seg for å byggje ein ny og noko mindre katedral. Han stod ferdig i 1539, berre få år før oppløysinga av klostra i England.

Henrik VIII meinte at katedralen ikkje var naudsynt, og lét han forfalle. Under Elisabeth I vart han restaurert som soknekyrkje i samband med at byen igjen vart teke i bruk som kurstad. Aristokratiet byrja å reise dit, og i 1590 var byen så velståande at han fekk status som city.

I stuarttida var det mykje byggeaktivitet, og i georgiansk tid endå meir. Byen har ei rekkje døme på georgiansk arkitektur, ikkje minst Royal Crescent. På 1800-talet minka interessa for eksklusive kurstader.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegen A4 går mellom Bath og Bristol, ei strekning på omkring 25 km. Omkring likelangt nord for Bath går motorvegen M4.

Hovudjernbanestasjonen Bath Spa stasjon har samband med blant anna til Bristol, Cardiff og London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bath
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Bath frå Wikivoyage