Bathurstøya i Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplassering av Bathurstøya
Satellittbilete av Bathurstøya

Bathurstøya er ei av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada. Ho har ei flatevidd på 16042 kvadratkilometer. Ho ligg vest for Cornwallisøya og Devonøya, og aust for Melvilleøya.

Øya er folketom.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Øya er lågtliggande, få stader ligg høgare enn 300 moh. Høgste punktet er 412 moh og ligg på Stokesfjellet. Godt jordsmonn gir grunnlag for ein vegetasjon av lav, mose, gras og dvergbuskar, som ofte dannar vide våtmarker. Dyre- og fuglelivet er frodigare enn på andre øyar i det kanadiske Arktis. Om lag 30 fugleartar hekkar på øya, mest vadefugl. Mellom andre polarsymjesnipe og ringgås. Karibu finn rikeleg med næring, isbjørn er om sommaren på vandring over øya.

Polar Bear Pass National Wildlife Area ligg på øya, så vel som den føreslegne Tuktusiuqvialuk nasjonalpark.

Jordas magnetiske nordpol kryssa i 1960-70-åra Bathurstøya i nordleg retning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brooman Point på austkysten av Bathurstøya var kring år 1000 ein buplass for folk av Thulekulturen, rimelegvis ei tid med eit varmare klima. Bathurstøya vart kjend for europearar etter ho vart oppdaga av William Parry sin ekspedisjon i 1819. Denne kalla øya opp etter Storbritannias dåverande krigs- og koloniminister, Henry Bathurst.