Bathynomus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bathynomus


Bathynomus doederleinii
Bathynomus doederleinii i akvarium

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Isopoda
Underorden: Flabellifera
Familie: Cirolanidae
Slekt: Bathynomus
Vitskapleg namn
Bathynomus

Bathynomus er ei slekt store isopodar som lever på botnen i djuphavet. Dei liknar vanlege skrukketroll, men er mykje større; dei største eksemplara er oppe i så mykje som 37 centimeter. Dette er eit døme på djuphavsgigantisme - tendensen mange djuphavsorganismar har til å vera vesentleg større enn slektningane sine på grunt vatn.

Slekta inneheldt ni artar og er utbreidd i Stillehavet og Atlanterhavet. Ein reknar med at dei er talrike.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kjønnsmogne Bathynomus-eksemplar målar mellom 19 og 37 cm, og er såleis særs mykje større enn dei fleste andre isopodar. Når ein derimot ser bort frå storleiken er det lite som skil dei frå andre nærskylde dyr; dei liknar særs mykje på skrukketroll. Kroppane er flattrykte ovanifrå og vert beskytta av eit hardt eksoskjelett av kalk. Dei første segmenta i dette skjelettet er samanvaksne over hovudet, dei har òg eit haleskjold som fungerer på same måten og vernar den forkorta bakkroppen pleon. Dei har store fasettaugo som sit langt frå kvarandre på hovudet, og to par antenner.

Bathynomus har opphavleg sju par gangbein, men det første paret er omdanna til maxillipedar dyret nyttar til å putta føde inn i dei fire para med kjevar. På den forkorta bakkroppen har dei fem par bein som er omdanna til symjeføter og avflata gjellestrukturar.

Fargen er bleikt lilla.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Bathynomus-artane lever frå djupner frå 170 til 2 140 meter, men er vanlegast frå 365 til 730 m. Dei er åtseletarar som ein reknar med at lever åleine, oftast på eit substrat av mudder eller leire.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Bathynomus giganteus

Levesettet deira er ikkje vidare spesialisert, men dei et for det meste kjøt som daude kvalar, fisk og blekksprut. Det kan òg tenkjast at fastsitjande eller trege dyr som sjøpølser, svampar, rundmakk, nesledyr og kanskje tilmed levande fisk. Ein kjenner til høve der dei har gått laus på trålfangstar.

Sidan mat er ein sparsam ressurs i djuphavet, har Bathynomus tilpassa seg å klara seg med det han finn. Dei toler lange periodar med svolt, og det er kjend eksemplar i akvarium som har overlevd i over åtte veker. Når dei først får mat, et dei til dei får problem med å bevega seg. Eit studium av tarminnhaldet til 1 651 eksemplar av Bathynomus giganteus viste at fisk var den viktigaste bestanddelen i kosthaldet, følgd av blekksprut og tifotkreps som reker og trollhummarar.

Eit studium utført i djuphavet aust for Australia brukte feller til å kartleggja artsrikdomen i åtseletarfaunaen der. Dei fann ut at dei største eksemplara levde på djupast vatn, men at det var færre artar der. Etter å ha samanlikna dei australske artane med somme frå Mexicogolfen og Det indiske hav fann dei ut at dei nesten var identiske. Fossile funn viser at slekta har eksistert meir eller mindre uforandra i over 160 millionar år.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Ut frå kor mange ungdyr og vaksne ein finn på ulike delar av året reknar ein med at formeiringskapasiteten er størst om våren og om vinteren. Dette har sannsynlegvis med matmangel om sommaren å gjera. Modne hoer ber egga og dei yngste larvane i ein pung som vert danna av yngleplatar frå kanten av gangbeina. Det er uvisst kor lang tid larvestadiet varar.

Når dei unge isopodane kjem or pungen ser dei ut som miniatyrar av dei vaksne. Den einaste skilnaden er at dei manglar det siste gangbeinparet. Viss ei ho som ber på egg et for mykje kan ho miste egga sine.

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]