Batman i Tyrkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batman
Êlih
by
Land  Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Batman
Høgd 540 moh.
Koordinatar 37°53′N 41°07′E / 37.883°N 41.117°E / 37.883; 41.117
Areal 4 654 km²
Folketal 298 342
Folketettleik 64 / km²
Borgarmeister Nejdet Atalay
Postnummer 72x xx
Retningsnummer 0488
Bilnummer 72
Kart
Batman i Tyrkia
37°53′00″N 41°08′00″E / 37.883333333333°N 41.133333333333°E / 37.883333333333; 41.133333333333
Wikimedia Commons: Batman (city)
Nettstad: http://www.batman-bld.gov.tr/

Batman (kurdisk Êlih) er ein by Søraust-Anatolia i Tyrkia og administrasjonsstad i provinsen Batman. Han ligg på eit platå, 540 meter over havet, nær samløpet mellom elvane Batman-elva og Tigris. Batı Raman-oljefeltet, som er det største oljefeltet i Tyrkia, ligg like utanfor byen. Batman har ein lokal flyplass og ein militær flybase, som vart nytta i søk- og redningsoperasjonar under Golfkrigen.

Fram til 1950-åra var Batman ein landsby kalla Iluh med kring 3000 innbyggjarar. Då oljefelta vart oppdaga i 1940-åra førte det til rask utvikling i området og mange arbeidarar flytta inn frå andre delar av Tyrkia. I 1957 fekk landsbyen namnet Batman, kalla opp etter elva, og fekk bystatus. I løpet av dei neste 50 åra har byen vokse kraftig. Ei 511 km lang oljerøyrleidning vart bygd i 1967 frå Batman til hamnebyen Dörtyol nær det austlegaste punktet i Middelhavet for å transportere råolje frå raffineriet i Batman. I 1990 vart byen hovudstad i provinsen Batman.

Utanom olja, som er den dominerande næringa i regionen, produserer Batman drikkevarer, ferdigmat, kjemikaliar, møblar, sko, maskineri og transportutstyr. Det vart opna eit universitet i byen i 2007.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Batman er bygd på eit flatt platå 540 meter over havet. Det er nesten ingen skog i og kring byen. Elva Iluh, ei sideelv til Batman-elva, renn gjennom byen. Byen har fleire gonger vorte råka av flaum, mellom anna i 1969, 1972, 1991, 1995 og 2006 (då 11 menneske omkom).[1][2]

Batman har eit halvtørt kontinentalklima. Vintrane er kalde og fuktige, med mykje nedbør. Somrane er varme og tørre med temperaturar over 35 °C. I snitt har Batman mange solskinstimar.[1]

Vêrdata for Batman
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 16,4 23,5 30,6 35,8 38,5 43 46,5 45,4 43,8 37 28,3 22,6 46,5
Gjennomsnittleg maks °C 7,6 10,8 15,9 21,7 27,7 34,9 39,6 39,2 34,5 26,6 16,8 9,6 23,7
Gjennomsnittleg min °C −1,6 0,2 3,9 8,3 11,9 16,6 20,8 20,1 15,3 7,1 5,3 0,4 9
Lågast målte °C −24 −16 −17 −9 0,9 5,7 11,8 11,5 4,4 −3 −6,4 −23 −24
Gjennomsnittleg nedbør mm 56,3 66,3 74,7 68,5 40,1 8,8 0,9 2,2 4,1 28,2 55,7 62,2 468
Gns. luftfukt (%) 80 78 70 66 63 41 29 30 34 54 71 81 58
Gns. solskinstimar i månaden 102,3 123,2 176,7 219 297,6 357 381,3 356,5 303 220,1 153 93 2 782,7
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weatherbase[4]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Balaban, 147–149
  2. Balaban, 157: there is a likely misprint on p. 149 and the number of killed was 11 rather than 100
  3. İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü. Dmi.gov.tr. Retrieved on 2011-02-12.
  4. http://www.weatherbase.com/weather/weatherall.php3?s=191541&refer=&units=us&cityname=Batman-Turkey