Batnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Batnfjorden sett frå søraust, mot bygda Gjemnes.
Skeisdalen ved Batnfjorden

Batnfjorden er ein fjord i Gjemnes kommuneNordmøre i Møre og Romsdal. På nordvestsida av fjorden ligg Gjemnes sokn, og på søraustsida ligg Øre sokn, som i eldre tid høyrte til Tingvoll prestegjeld. I fjordbotnen ligg Batnfjordsøra, kommunesenteret i Gjemnes kommune.

Fjorden har innløp i nordaust mellom neset Gjemnes i nord og Revsholmen like ved Torvikbukt i sør og strekkjer seg 9 km sørvestover til Batnfjordsøra. Nord for Gjemnes ligg Gjemnessundet som går nordover til Kvernesfjorden. Bergsøyfjorden held fram nordaustover mot Tingvollfjorden.

E39 går på nordsida av fjorden, medan riksveg 666 går langs sørsida.