Battle i East Sussex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Battle

View along the high street towards the abbey
View along the high street towards the abbey
Plassering
Battle i East Sussex is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap East Sussex
Distrikt Rother
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 171
Koordinatar 50°55′″N 0°29′″EKoordinatar: 50°55′″N 0°29′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer TN33
Telefon-retningsnummer 0 1424
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Battle i East Sussex

Battle er ein liten by i East Sussex i England. Han ligg omkring 8 km frå Hastings, og ligg ved staden der slaget ved Hastings stod i 1066. Namnet kjem frå dette slaget (på engelsk «Battle of Hastings»)

I utkanten av byen ligg ruinane av Battle Abbey, eit kloster som vart grunnlagt til minne om sigeren til Vilhelm Erobraren i slaget. Det vart innvigd i 1095, og var vigd til St. Martin av Tours. Klosterporten er godt verna i den sørlege enden av hovudgata i byen, men det er lite anna som er verna. Høgalteret i klosterkyrkja stod etter det som vert sagt nøyaktig på den staden der Harald II av England fall.

Då slaget stod var det lite busetnaden på staden, men ein by voks opp omkring klostret. Han fekk rykte for å produsere det beste krutet i England. I gata Powdermill Lane kan ein sjå restar etter krutfabrikkane der. I 1847 enda produksjonen då hertugen av Cleveland nekta å fornye lisensen for krutmakarane. Årsaka til dette varet fleire ulukker, blant anna ein i 1798 då meir enn 15 tonn krut vart liggjande i tørkeomnen for lengje og eksploderte. Battle er kjent for den store fyrverkerioppvisninga på Fireworks Night. Byen hadde òg annan militærrelatert industri, då han ligg i skogområdet Weald, og forsynte verftet til Royal Navy med eik og anna tømmer, og dessutan kol til kanonstøyperia. På midten 1700-talet var byen kjent for at han hadde heile fem klokkemakarar langs hovudgata, noko som er eit godt teikn på at det var ein velståande stad.

Under første verdskrigen var Battle ein tilfluktsstad og det vart laga tunnelar frå ein del jorder og kjellarar inn til klosterområdet, i tilfelle ein trong å gjere motstand ved ein eventuell invasjon. Tunnelane har i seinare tid vorte mura igjen då dei var farlege å opphalde seg i.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]