Battlerap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I battlerap kappast såkalla MC'ar, eller battlerapparar mot kvarandre verbalt. Vanlegvis er det to ulike rapparar som improviserer ein nedsetjande tekst om kvarandre.

Referansar til konkurrenten sin utsjånad, seksuelle legning og klede er vanleg. I rett battlerap er det tilhøyrarane eller publikum som avgjer kven av dei to stridande som vinn tevlinga. DJ'en spelar instrumental musikk som MC'en rappar til. Stilen i battlerap er rå, hard og ofte mannssjåvinistisk. Det finst framleis ingen kjente kvinnelege battlerapparar.

Battlerap i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Axel «F'EM one» Purcell er den mest profilerte norske battlerapparen; han har vunne Str8 Spittin (norsk meisterskap) tre år på rad med ein aggressiv, engelskspråkleg stil. På norsk vert vanlegvis Nils m/ Skillz, D-Wize og Definite rekna som dei største.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]