Batumi
| Batumi | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land | Georgia |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By (2002) |
121 806 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | MSD (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Heimeside: www.batumi.ge | |
Batumi (georgisk ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 120 000 innbyggjarar.
Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og røyrleidningen Baku-Tbilisi-Ceyhan. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, næringsmiddelindustri og lett industri.
[endre] Historie
Batumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten.
Etter tsarens fall rykka først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, følgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920.
[endre] Klima
Klimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen.
Middeltemperaturen i Batumi er 14 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 °C. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 °C. Det kaldaste som er målt her er -7 °C, og det varmaste er 40 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 2nbsp;500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.
| Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
| Middeltemperatur [°C] | 6 | 7 | 8 | 12 | 16 | 20 | 22 | 22 | 20 | 16 | 12 | 8 | 14 |
| Nedbør (mm) | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 2 500 |
[endre] Bakgrunsstoff
- Reiseguide for Batumi
- Hamna i Batumi
- Prokudin-Gorskij sine fargebilete av Batumi frå om lag 1910
- Biletgalleri