Baudouin I av Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baudouin I av Belgia
Baudouin 1969.jpg
Konge av Belgia
Regjeringstid 16. juli 1951 -
31. juli 1993
Fullt namn Baudouin (eller Boudewijn) Albert Charles Leopold Axel Marie Gustave
Fødd 7. september 1930, Leaken i Belgia
Død 31. juli 1993, Motril i Spania
Føregjengar Leopold III av Belgia
Etterfølgjar Albert II av Belgia
Ektefelle Fabiola
Far Leopold III av Belgia
Mor Astrid av Sverige

Kong Baudouin I av Belgia (7. september 193031. juli 1993) var konge av Belgia frå 1951 til 1993. Han var eldste son til kong Leopold III, og mora hans var prinsesse Astrid av Sverige. Det nederlandske namnet hans er Boudewijn, medan Baudouin er det franske, som er mest brukt utanfor Belgia.

Baudouin blei konge då faren abdiserte den 16. juli 1951.

Han gifta seg 15. desember 1960 med Doña Fabiola Fernanda Maria de las Victorias Antonia Adelaïda Mora y Aragon, ein tidlegare sjukepleiar og barnebokforfattar. Han og dronninga fekk ingen born.

Kong Baudouin var ein svært religiøs mann. Då det belgiske parlamentet vedtok ein lov for abort, nekta han å underskrive (den kongelege underskrifta er eigentleg rekna som ein formalitet). Det enda med at regjeringa den 4. april 1990 erklærte han ueigna til å styre, og alle regjeringsmedlemene underteikna lova. Dagen etter erklærte dei han eigna til å styre att.

Kong Baudouin I blei etterfulgt av sin yngre bror Albert II.

Baudouin blei i 1960 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.