Bønne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Baune)
Bønne (eller bauna i eldre nynorsk rettskriving) er ei nemning for frø, skolmer eller planter i slekta Phaseolus og nærskylde slekter i erterfamilien. Bønne kan òg tyda frø som liknar ei bønne, til dømes kaffibønner.
Bønner er ei viktig matkjelde for menneske, til og med blada kan nyttast til føde. Mange bønner inneheld gift, og må kokast før ein et dei.