Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bavaria)
Bayern
forbundsland
Symbol
Land  Tyskland
Del av Sør-Tyskland
Hovudstad München
Areal 70 551 km²
Folketal 13 124 737 (31. desember 2019)
Grunnlagd 1949
Språk Tysk
Kart
Bayern
49°04′43″N 11°23′08″E / 49.078611111111°N 11.385555555556°E / 49.078611111111; 11.385555555556
Wikimedia Commons: Bavaria

Fristaten Bayern (tysk Freistaat Bayern, latin Bavaria) er den tyske delstaten som ligg lengst mot sør. Den har ei flatevidd på 70 551 km² og 13,1 millionar innbyggjarar i 2019. Hovudstaden er München.

Bayern grensar mot Austerrike, Böhmen (Tsjekkia), Baden-Württemberg, Hessen, Thüringen og Sachsen. Elvane Donau og Main flyt gjennom staten.

Andre viktige byar utanom hovudstaden inkluderer Nürnberg, Augsburg, Würzburg, Ingolstadt, Regensburg, Fürth og Erlangen.

Ein av dei mest kjende mellomalderbyane i Europa er den bayerske byen Rothenburg ob der Tauber.

I fristaten lever det tradisjonelt tre folkeslag: Bayarar («gamalbayarar»), schwabarar og frankarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bayern
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.