Bay of Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bay of Islands.
Koordinatar: 35°12′S 174°10′E
Russell i Bay of Islands.
Kerikeri i Bay of Islands.
Stone Store, St James og Mission House

Bay of Islands er ei havbukt i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Ho ligg 60 km nordvest for Whangarei.

Bay of Islands er eit av dei mest populære reisemåla for sportsfiske og segling i landet, og er også svært attraktivt for generell turisme. Området har vore internasjonalt kjent for sportsfiske sidan den amerikanske forfattaren Zane Grey skreiv om det på 1930-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bukta har eit uregelmessig, 16 km breitt innløp på nordaustkysten til Nordøya. Ho er ei naturleg hamn med fleire armar som strekkjer seg inn i landet; dei største er Waikare Inlet i sør og Kerikeri Inlet og Te Puna Inlet (Mangonui) i nordvest. Den vesle byen Russell ligg i enden av ei kort halvøy som strekkjer seg inn i bukta frå søraust. Fleire øyer ligg nord for denne halvøya, Urupukapuka Island i aust og Moturoa Island i nord er dei største. Halvøya Purerua Peninsula strekkjer seg mot vest i bukta, nord for Te Puna Inlet, og ei anna halvøy, Cape Brett Peninsula, går 10 km ut i Stillehavet ved austenden av bukta.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den første europearen som kom til området, var kaptein James Cook, som namngav det i 1769. Bay of Islands var det første området på New Zealand som vart busett av europearar. Kvalfangarar kom dit sist på 1700-talet, og dei første misjonærane i 1814. Det første fullbods europeiske barnet som ein har oppteikningar om vart fødd på New Zealand, var Thomas King, som vart fødd i 1815 i Oihi Bay i Bay of Islands. (Der er påstandar om at ei europeisk jente vart fødd tidlegare, i busetnaden Dusky SoundSørøya, men desse er ikkje stadfesta.)

Området har mange interessante historiske busetnader, t.d. Paihia, Russell, og Kerikeri. Russell, tidlegare kjend som Kororareka, var den første permanente europeiske busetnaden på New Zealand, og skriv seg frå tidleg på 1800-talet. Kerikeri har mange historiske stader frå den tidlegaste europeiske busetjinga: Mission House, også kalla Kemp House, er den eldste trebygningen i New Zealand, og Stone Store, eit tidlegare varehus, den eldste steinbygningen i landet. Bygginga av den siste starta 19. april 1832.

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

I ei undersøking i 2006, fann ein at Bay of Islands hadde den nest blåaste himmelen i verda, etter Rio de Janeiro.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://optics.org/articles/news/12/8/2/1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bay of Islands