Bay of Plenty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bay of Plenty
Bay of Plenty Regional Council
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of Bay of Plenty.png
Regionstyre
Namn: Environment Bay of Plenty
Leiar: John Cronin
Folketal: 262,900
Estimert juni 2006
Areal: 12 277 km²
Heimeside: http://www.envbop.govt.nz
Større og mindre byar
Større byar: Tauranga, Rotorua, Whakatane
Mindre byar: Te Puke, Taneatua, Edgecumbe, Opotiki, Kawerau, Murupara, Ohope, Matata, Maketu, Mount Maunganui, Ngongotaha
Distrikt
Namn: Tauranga City
Del av Rotorua District
Whakatane District
Western Bay of Plenty District
Kawerau District
Opotiki District
Del av Taupo District
Heimesider: http://www.tauranga.govt.nz
http://www.rdc.govt.nz
http://www.whakatane.govt.nz
http://www.wbopdc.govt.nz
http://www.kaweraudc.govt.nz
http://www.odc.govt.nz

Bay of Plenty (maori Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein regionNordøyaNew Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med same namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.

Sjølve havbukta[endre | endre wikiteksten]

Bay of Plenty

Bukta strekkjer seg frå basis av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara. Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.

Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook ein gong i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay («fattigdomsbukta»).

Regionen[endre | endre wikiteksten]

Kart over folketettleiken i Bay of Plenty ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Regionen hadde ved folketeljinga i 2006 eit folketal på 257 379 [1], som ein stipulerer vil auka til 277 900 i året 2011. Av innbyggjarane rekna 28% seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid.[1] To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635)[1] og Rotorua (folketal 65 901)[1]. Som eit kompromiss mellom byane, vart byen Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.[2]. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.

Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt sett 2°C kjøligare. Viktige produkt er kiwi, eple, avocado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.

Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bay of Plenty