Bayeux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayeux
Departement Calvados
Region Basse-Normandie
Innbyggarar 14 961 (1999)
Folketettleik 2104 innb./km²
Areal 7,11 km²

Bayeux er ein fransk by og kommune i departementet Calvados og regionen Basse-Normandie. Innbuarane vert kalla bajocasses eller bayeusains.

Bayeux ligg berre nokre kilometer frå stranda der dei allierte styrkane gjekk i land under Operasjon Overlord, D-dagen, under andre verdskrigen, og vart den fyrste byen som vart frigjord frå tysk okkupasjon.

Byen er ein av dei sjeldsynte tettstadane i Normandie som framleis stod intakt etter krigshandlingane i denne luten av Frankrike under andre verdskrigen, og kan by på ein rik arkitektonisk og kulturell arv, mellom anna Bayeuxteppet, som er eit brodert biletteppe frå mellomalderen til minne om normannarane si erobring av England i 1066. Teppet vert synt fram i eit museum i sentrum av byen, men hang tidlegare i den store domkyrkja i byen, Cathédrale Notre-Dame de Bayeux, som er bygd fram mot 1077 i gotisk stil med nokre eldre delar i normannisk stil (ein nordleg romansk stil).

Katedralen i Bayeux, Cathédrale Notre-Dame de Bayeux.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bayeux
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.