Bayreuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bayreuth
Markedsplassen i Bayreuth
Markedsplassen i Bayreuth
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bayreuth
Bayreuth is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 1194
Geografi
Flatevidd
 - By

66,92 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

73 794
  1 103/km²
Koordinatar 49°57′0″N 11°35′0″EKoordinatar: 49°57′0″N 11°35′0″E
Høgd over havet 340 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 95401–95448
Telefon-retningsnummer 0921, 09201, 09209
Bilnummer BT
Heimeside: www.bayreuth.de

Bayreuth er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Raude Main i regionen Oberfranken, der han er hovudstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at byen vart grunnlagd av grevane av Andechs og vart først nemnd i 1194. Om lag seksti år seinare kom byen under Hohenzollern, og då denne staten vart delt høyrte Bayreuth til grevskapet Kulmbach. Byen vart råka av fleire pestar og krigar, og i 1430 vart han øydelagd under husittarkrigen. I 1602 vart han råka av nok ein pest, og brannar øydela byen i 1605 og 1621.

Vendepunktet i historia til byen kom i 1603 då markgreven Christian av Kulmbach (Brandenburg-Kulmbach) valde å flytte til Bayreuth. Utvikla av den nye hovudstaden stagnerte under trettiårskrigen, men då krigen var slutt vart det bygd mange barokkbygningar. I 1701 vart byen St. Georgen grunnlagd og seinare ein del av Bayreuth i 1811.

Gullalderen til Bayreuth var under regjeringstida markgrevinna Wilhelmine, favorittsystera til Kong Fredrik II av Preussen. Fleire parkar og slott vart bygd, i tillegg til Markgrevane sin opera, som er eit av dei flottaste bevarte teatera i barokkstil i Europa.

I 1769 døydde den siste markgeven av fyrstedømet Bayreuth utan arving, og staten vart annektert av nabo fyrstedømet Ansbach. Bayreuth var ikkje lenger statshovudstad. Like etter (1792) vart han ein del av Preussen, så Frankrike (1806) og til slutt Bayern (1810).

I 1872 flytta komponisten Richard Wagner til Bayreuth, og det vart seinare halde ein Wagnerfestival her. Festivalen vart mykje vitja av Adolf Hitler, som likte musikken til Wagner særs godt.

Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir her.[1] Bayreuth vart kraftig råka under allierte bombetokt under krigen. Ein tredjedel av byen vart øydelagd og om lag tusen innbyggjarar døydde.

I 1975 vart Universitetet i Bayreuth grunnlagd og medverka til vidare vekst for byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bayreuth

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine O'Keefe.Concentration Camps.www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html