Bdadoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bdadoun
بدادون
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Høgd 490 moh.
Koordinatar 33°48′36″N 35°33′40″E / 33.81000°N 35.56111°E / 33.81000; 35.56111
Areal 1,43 km²
Folketal 3 000
Folketettleik 2 098 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Bdadoun
33°48′36″N 35°33′40″E / 33.81°N 35.561111111111°E / 33.81; 35.561111111111
Wikimedia Commons: Bdadoun

Bdadoun (arabisk بدادون, òg skrive Bdadun, Bde'doun, Bdādūn, Bidadun og Bidadūn) er ein by i Libanonfjella og ein av 70 byar og landsbyar i distriktet Aley. Landsbyen har kring 3000 innbyggjarar. Han ligg 490 meter over havet og 15 km from hovudstaden Beirut. Han er ein feriestad om sommaren.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bdadoun kjem frå fønikisk. Bd-Adoun (بِد-اَدون ) Beit Adoun eller Huset Adoun, den kanaanittiske solguden Adoun. Adonis (Άδωνις) på gresk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1144 braut det ut kampar mellom kristne i det nordlege Libanon i regionane Jbeil og Keserwan. Kongen Barquq (الملك الظاهر برقوق) nytta høvet og gav ordre om ein invasjon av dette kristne området. Dette førte til at dei kristne flytta sørover og slo seg ned i Chouf distrikt. Denne regionen (særleg områda kring Beirut) vart styrt av Tannoukhi-dynastiet (التنوخيّون). Tanukh-familien (òg kalla Buhtur) var dei drusiske arveherrane av Gharb (området kring Beirut). Buhtur-familiane vart erstatta av Ma'an då osmanarane erobra området tidleg på 1500-talet. Området kring Bdadoun vart verande under osmanarane fram til slutten av fyrste verdskrigen.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Villplommetypen ganerik.

Dei første innbyggjarane i Bdadoun kom frå maronittiske bondefamiliar i Nord-Libanon. Dei fann eit barskt landskap som hovudsakleg bestod av eit steinlendt landskap med eik, ville fiken, vindruer og somme oliventre. Innbyggjarane bygde steinterrassar og planta frukttre som aprikos, mandel, pære, eple, granateple og plommer. Staden er mest kjend for ganerikplommene og det vert halde ein årleg plommefestival kvart år i mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]