Bečva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bečva
Bečva like før ho renn i hop med Bystřička
Bečva like før ho renn i hop med Bystřička
Utspring Vsetínská Bečva, Vsetínské vrchy i Zlín
Munning Morava
Land i nedslagsfelt Tsjekkia
Lengd 62 km
Middelvassføring 17,5 m³/s

Bečva er ei elv i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Morava frå venstre. Bečva har sitt utspring frå to småelvar, den nordlege Rožnovská Bečva (som delar Dei moravisk-schlesiske Beskidane i nord frå Vsetínské vrchy i sør) og den sørlege Vsetínská Bečva (som skil Vsetínské vrchy i nord frå Javorníky i sør). Elva har ei lengd på 62 km, og nær munningen i Morava har ho ei middelvassføring på 17,5 m³/s.