Beach Boys' Party!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beach Boys' Party!
Studioalbum av The Beach Boys
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 1965
Innspelt 8. til 27. september 1965
Sjanger Rock
Lengd 31:10
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
Summer Days (And Summer Nights!!)
(1965)
Beach Boys' Party! Pet Sounds
(1966)
Singlar frå Beach Boys' Party!
  1. «Barbara Ann»
    Utgjeve: 8. november 1965
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[3]

Beach Boys' Party! er eit album med av det amerikanske popbandet The Beach Boys som berre består av akustiske utgåver av andre sine songar. Albumet var det ellevte studioalbumet til bandet og det tredje dei gav ut i 1965. Sjølv om albumet vart spelt inn i eit studio, vart det marknadsført som ei innspeling frå ein fest.[4]

I august, etter at Summer Days (and Summer Nights!!) kom ut, planla leiaren av The Beach Boys, Brian Wilson, det neste studioalbumet deira, som skulle verte Pet Sounds. Capitol Records kravde eit nytt album til jul. Sidan dei hadde gjeve ut eit konsertalbum året før, Beach Boys Concert. I tillegg hadde dei alt spelt inn eit julealbum og dei meinte at eit samlealbum ville signalisere at bandet var på hell. Dei valde derfor i staden for å gjere ein «live fest». Bandet og venene deira øvde no og då på andre sine songar i september 1965. Sjølv om albumet vart presentert som ei live-innspeling, vart alle songane nøye spelt inn og latter og bakgrunnsprat vart lagt på i ettertid.[5]

Albumet inneheld utgåver av The Beatles sine «Tell Me Why», «You've Got To Hide Your Love Away» og «I Should Have Known Better», The Everly Brothers sin «Devoted To You», Phil Spector sin «There's No Other (Like My Baby)», samt utgåver av deira eigne «I Get Around» og «Little Deuce Coupe». Beach Boys' Party! var meint som eit gøyalt album utan singlar, sidan Wilson gjorde klar «The Little Girl I Once Knew» samstundes med at albumet kom ut.

Det siste sporet på albumet, ei utgåve av The Regents sin «Barbara Ann», vart spelt ein del på radio rundt om i landet då albumet kom ut og fekk god respons hos lyttarane. Capitol gav derfor raskt ut songen på singel og han nådde andreplassen i USA tidleg i 1966.[5]

Beach Boys' Party! nådde sjetteplass i USA (men selde aldri til gullplate) og singelen vart den største suksessen bandet hadde i Storbritannia med ein tredjeplass. Singelen var òg den første Beach Boys-songen som nådde toppen på singellista i Noreg.

Beach Boys' Party! finst i dag på CD i lag med Stack-O-Tracks og instrumentale bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Hully Gully» (Fred Smith/Cliff Goldsmith)Mike Love2:22
2.«I Should Have Known Better» (John Lennon/Paul McCartney)Carl Wilson og Al Jardine1:40
3.«Tell Me Why» (John Lennon/Paul McCartney)Carl Wilson og Al Jardine1:46
4.«Papa-Oom-Mow-Mow» (Carl White/Al Frazier/Sonny Harris/Turner Wilson Jr.)Brian Wilson og Mike Love2:18
5.«Mountain of Love» (Harold Dorman)Mike Love2:51
6.«You've Got to Hide Your Love Away» (John Lennon/Paul McCartney)Dennis Wilson2:56
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Devoted To You» (Boudleaux Bryant)Mike Love og Brian Wilson2:13
8.«Alley Oop» (Dallas Frazier)Mike Love2:56
9.«There's No Other (Like My Baby)» (Phil Spector/Leroy Bates)Brian Wilson3:05
10.«Medley: I Get Around/Little Deuce Coupe» (Brian Wilson/Mike Love/Roger Christian)Heile bandet3:12
11.«The Times They Are a-Changin'» (Bob Dylan)Al Jardine2:23
12.«Barbara Ann» (Brian Wilson og Dean Torrence frå Jan and Dean)Fred Fassert3:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beach Boys
Andre musikarar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Albums
År Liste Plassering
1965 Tyskland[6] 4
1966 UK Top 40 Album Chart 3
1966 US Billboard 200 Albums Chart 6
Singlar
År Singel Liste Plassering
1966 «Barbara Ann» US Billboard Hot 100 Singles Chart 2
1966 «Barbara Ann» UK Top 40 Single Chart 3
1966 «Barbara Ann» Tyskland 2
1966 «Barbara Ann» Austerrike 1
1966 «Barbara Ann» Nederland 17
1966 «Barbara Ann» Belgia (Flandern) 11
1966 «Barbara Ann» Belgia (Valonia) 33
1966 «Barbara Ann» Noreg 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Beach Boys' Party!» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
  1. Unterberger, Richie. «Beach Boys' Party!». Allmusic. 
  2. Larkin, Colin, red. (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). London: Oxford University Press. s. 479. ISBN 978-0-19-531373-4. 
  3. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. http://www.allmusic.com
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Leaf, David (1990) The Beach Boys' Party!/Stack-O-Tracks (1990 CD-hefte)
  6. «Album Search: The Beach Boys – Beach Boys' Party!» (på tysk). Media Control. Henta April 14, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]