Beachy Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyret nedanfor klippa
Korleis fyret vart bygd. Bilete som viser ei mellombels kabelvogn som transporterer arbeidarar og stein til ein jernplattform ved fyret.
Luftfoto av Beachy Head

Beachy Head er ei kalkklippe og eit nes på sørkysten av England, nær byen Eastbourne i East Sussex, like aust for Seven Sisters. Klippa er den høgaste kalkklippa ved kysten i Storbritannia med ei høgd på 162 meter over havet. Frå toppen kan ein sjå søraustkysten frå Dungeness og austover, til Selsey Bill i vest. Klippa er ein av dei mest kjende sjølvmordsstadane i verda.[1]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kalksteinen vart lagt ned i sein kritt, for mellom 65 og 100 millionar år sidan, då området låg under havet. I kenozoikum-tida vart kalksteinen så løfta. Då den siste istida enda, steig havnivået og Den engelske kanalen vart danna, samt dei dramatiske klippene langs kysten av Sussex. Bølgjer har medverka til erosjon på klippene rundt Beachy Head, og stundom fell steinar ned frå klippene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Beachy Head står skrive som 'Beauchef' i 1274 og 'Beaucheif' i 1317, og sidan 1724 Beachy Head. Det har ingenting å gjere med strand (beach på engelsk). I staden er dei ei forvrenging av dei opphavlege franske orda som tyder «vakkert nes».[2]

I 1929 kjøpte Eastbourne 16 km² med landområde rundt Beachy Head for å verne området frå utbygging.[3]

Beachy Head har alltid vore eit sjømerke for seglarar i Den engelske kanalen. Han vert mellom anna nemnd i sjantisongen «Spanish Ladies»:

«The first land we sighted was called the Dodman,
Next Rame Head off Plymouth, off Portsmouth the Wight;
We sailed by Beachy, by Fairlight and Dover,
And then we bore up for the South Foreland light.»

[4]

Oska etter den tyske samfunnsvitaren og filosofen Friedrich Engels, ein av skaparane av kommunismen, vart spreidd ved Beachy Head og ut i Den engelske kanalen, som han hadde bede om.[2]

Fyra[endre | endre wikiteksten]

Neset var ein fare for skipsfarten i området. I 1831 starta bygginga av Belle Tout fyr på neset like vest om Beachy Head. Det kom i drift i 1834.

Sidan skodde og lågt skydekke kunne skjule fyret på Belle Tout, vart det bygd eit anna fyr i sjøen like nedanfor Beachy Head. Det var 43 m høgt og kom i drift i oktober 1902.[2] I meir enn 80 år var det raud- og kvitstripa tårnet bemanna av tre fyrvaktarar. Jobben deira var å halde lyset i gang, som roterte med to kvite blink kvart 20 sekund og var synleg 42 km ut i havet. Fyret vart heilt automatisert i 1983.

På grunn av erosjon av klippene vart Belle Tout-fyret flytta meir enn 50 meter inn på land i mars 1999.[5]

Beachy Head i krig[endre | endre wikiteksten]

Den tredje dagen under slaget ved Portland i 1653 fann stad utanfor Beachy Head under den første engelsk-nederlandske krigen. Slaget ved Beachy Head i 1690 var eit sjøslag under niårskrigen. Under den andre verdskrigen sette RAF ein reléstasjon på Beachy Head for å betre radiosambandet til flya. I 1942 vart det fanga opp fjernsynssignal frå Eiffeltårnet i Paris. Tyskarane hadde aktivert TV-sendaren her for militære sjukehus og viktige personar i Paris-området. RAF overvaka desse sendingane i håp om å få tak i hemmelege opplysningar, men utan hell.[6]

Her stod òg ein viktig radarstasjon under den kalde krigen. Eit radarkontrollsenter var i drift i ein bunker frå 1953 til 1957.[2]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Vest for Belle Tout fell klippene ned til Birling Gap og bortanfor det ligg Seven Sisters. Området er eit populært turistområde. Birling Gap har ein restaurant og om sommaren er det mange iskrembilar i området.

Sjølvmordsstad[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1600-talet har Beachy Head vore berykta som sjølvmordsstad. Det har vorte estimert at om lag 20 personar har teke livet sitt her årleg.[7] Beachy Head Chaplaincy Team patruljerer området dagleg for å stoppe potensielle sjølvmordsforsøk. Staden har vorte rekna som den tredje mest hyppige nytta sjølvmordsstaden i verda etter Golden Gate-brua i San Francisco og Aokigahara-skogane i Japan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Meaney, Thomas. "Exiting Early: Is life worth living? The question is perennial. The answers include 'no'", The Wall Street Journal, 15. april 2006.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Surtees, Dr John (1997). Beachy Head. Seaford: SB Publications. ISBN 1 85770 118 6. 
  3. Times, 30. oktober 1929. s. 11
  4. Palmer, Roy (1986). The Oxford Book of Sea Songs. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0192141597. 
  5. «The 28 ft move that took a day». The Argus. 18. mars 1999. 
  6. Ockenden, Michael (april 1983). «TV Pictures from Occupied Paris». After the Battle (Battle of Britain Prints International) (39). 
  7. «Suicide jump child 'already dead'». BBC News Online (BBC). 2. juni 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beachy Head

Koordinatar: 50°44′15″N 0°14′52″E