Beacon Hill i Dorset

Koordinatar: 50°45′07″N 2°02′20″W / 50.752°N 2.039°W / 50.752; -2.039
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

50°45′07″N 2°02′20″W / 50.752°N 2.039°W / 50.752; -2.039

Beacon Hill
fjell
Land  Storbritannia
Topp Dorset, England
Høgd 84 m
Kart
Beacon Hill i Dorset
50°45′07″N 2°02′20″W / 50.752°N 2.039°W / 50.752; -2.039

Beacon Hill er eit av dei høgaste utkikkspunkta i innlandet bak Poole Harbour i Dorset. Tidlegare var det ei av ei rekkje vardar som vart nytta til å åtvare om åtak utanfrå. Det tidlegare namnet på åsen var Lytchett Beacon.

Åsen har spela ei rolle i forsvaret av Dorset sidan 1300-talet eller tidlegare. Han hadde tidlegare namnet Lechiot Beacon[1] eller Lychett Beacon etter landsbyen Lytchett Minster som ligg sørvest for åsen. «Beacon» tyder 'varde'. Åsen hadde ein slik varde som kunne tennast ved åtak. I 1588 blei varden tent for å varsla om at den spanske armadaen var på veg. Under Napoleonskrigane blei varden bemanna att i tilfelle franske styrkar invaderte.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. På eit kart frå 1610 av Dorset
  2. An Account of the Role of Lytchett Beacon in Dorset’s Defences, Stanley Judd & Kim Parker. Henta 1. desember 2014.