Beast of Burden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beast Of Burden)
Beast of Burden
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Some Girls
Utgjeve September 1978 (singel)
Innspelt Oktober-desember 1977
Sjanger Rock
Lengd 4:24
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Miss You»
(1978)
Beast of Burden «Respectable»
(1978)


«Beast of Burden» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet deira Some Girls frå 1978. I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 435. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Beast of burden», eller eit arbeidsdyr, er eit dyr som arbeidarar nyttar til å arbeide for seg, som ein okse elle rein hest. Musikken og ein del av teksten er i følgje omslag på samleplata Jump Back hovudsakleg skriven av Keith Richards.

Innspelinga av songen starta i oktober 1977 og var ferdig i desember same året. Det meste av songen var skriven før dei gjekk i studio, men ein del av tekste vart improvisert av Mick Jagger for tilpasse dei glatte gitarane til Richards og Ron Wood. Verken Richards eller Wood spelar rytmegitar eller sologitar, men begge går inn og ut av rolla og kompletterer kvarandre fullt ut. Som med fleire av songane på Some Girls er det berre bandmedlemmer som spelar på songan; både Richards og Wood spelar akustisk og elektrisk gitar, og Wood spelar soloen.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen var den andre singelen frå albumet. Han nådde åttandeplass i USA. Konsertutgåver av songen finst som B-side til «Going to a Go-Go» og på konsertalbumet Live Licks..

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 8
US Cash Box 7

Bette Midler-versjonen[endre | endre wikiteksten]

'''Beast of Burden'''
Singel av Bette Midler
frå albumet No Frills
B-side

«Come Back, Jimmy Dean»

Utgjeve 10. februar 1984
Innspelt 1983
Sjanger Hardrock, new wave
Lengd 3:48
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Chuck Plotkin, Brock Walsh, Danny Goldberg
Bette Midler-kronologi 
«My Favourite Waste of Time»
(1983)
Beast of Burden «Under the Boardwalk»
(1988)


I 1984 vart songen spelt inn av Bette Midler. Versjonen hennar nådde 71. plassen på Billboard's Hot 100, og fleire linjer i teksten vart endra. Songen kom òg ut på albumet No Frills.

Det vart laga ein musikkvideo der Milder og Mick Jagger snakkar i garderoben hennar, før ho kjem ut på scenen og framførar songen i lag med han. På slutten av songen kastar nokon ein pai på Jagger, og Midler ler fram til ho får ein pai på seg sjølv.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" Single

  1. Beast Of Burden 3:48
  2. Come Back, Jimmy Dean 3:51

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 71
Australia (Kent Music Report)[2] 12
Den tyske singellista 15
Nederlandsk Topp 40 Singles Chart 10
Den belgiske singellista[3] 15
Svensktoppen 2
VG-lista 2
New Zealand Singles Chart 4

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[4] 64

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen vart seinare spelt inn av Bette Midler, som hadde med seg Mick Jagger som gjestestjerne i musikkvideoen. Songen vart gjeven ut på albume thennar No Frills i 1983.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Janovitz, Bill. The Rolling Stones «Beast of Burden». allmusic 2007.
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 200. ISBN 0-646-11917-6. 
  3. «Bette Midler - Beast Of Burden». Ultratop.be. Arkivert frå originalen 11. mars 2016. Henta 13. oktober 2016. 
  4. BigKev. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1984». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 16. mai 2017. Henta 30. januar 2017.