Beat Cafe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beat Cafe
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 24. august 2004
Innspelt 2004
Sjanger Rock
Selskap Appleseed Records
Kritikk
Donovan-kronologi
Brother Sun, Sister Moon
(2004)
Beat Cafe To Try for the Sun: The Journey of Donovan
(2005)

Beat Cafe er det 23. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det er den første samlinga med nye songar sidan Sutras i 1996. Beat Cafe vart gjeven ut den 24. august 2004. Dei 1000 første CD-utgåvene var signerte og nummerert for hand.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha lansert nettsida og gjeve ut tre utgjevingar på to år, gjekk Donovan i studio med eit nytt band, i lag med dei gamle venene Danny Thompson på bass og Jim Keltner på trommer. Innspelingane, produserte av John Chelew, blanda rock and roll med beatnik. I tillegg til å vere produsent, spelte Chelew klaverinstrument på mange av songane.

Mange av songane var nye songar, men Donovan henta òg fram nokre eldre songar. Av desse finn ein «Poorman's Sunshine», opphavleg kalla «Poor Man's Sunshine (Nativity)» og «Lord of the Universe». Begge spelt inn under Barabajagal-innspelinga. «Lover O Lover» vart opphavleg gjeven ut på Love Is Only Feeling i 1983.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Love Floats»   4:18
2. «Poorman's Sunshine»   4:02
3. «Beat Cafe»   4:14
4. «Yin My Yang»   3:35
5. «Whirlwind»   4:46
6. «Two Lovers»   3:42
7. «The Question»   3:06
8. «Lord of the Universe»   4:47
9. «Lover O Lover»   4:56
10. «The Cuckoo» (tradisjonell) 3:49
11. «Do Not Go Gentle» (dikt av Dylan Thomas, musikk av Donovan) 4:27
12. «Shambala»   5:29

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]