Beat Feuz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beat Feuz


Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. februar 1987 (37 år)
Schangnau
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2022

Beat Feuz (fødd 11. februar 1987) er ein sveitsisk skirennar frå Schangnau i kantonen Bern. Han vart nummer to i verdscupen i alpint 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Feuz debuterte i verdscupen i desember 2006 i Reiteralm, utan å utmerke seg. Sesongane 2008 og 2009 gjekk han skadd. Hans beste plassering i verdscupen 2010 var ein 12. plass i den alpine kombinasjonen i Wengen.

Under sitt fyrste store meisterskap, alpin-VM 2011 i Garmisch-Partenkirchen, vart han nummer ni i utfor. Han fekk sitt gjennombrot som skirennar i utforløypa på Kvitfjell 11. mars 2011. Den dagen vann Feuz utforrennet med fem hundreddels margin til Erik Guay frå Canada. Dagen etter kom Feuz på tredjeplassen i den same løypa.

Gjennom heile 2012-sesongen var Feuz med i tetkampen om verdscuptroféet. Ved sesongslutt stod han med 1 330 poeng, og kom dermed 25 poeng bak verdscupvinnaren Marcel Hirscher frå Austerrike, men var nesten 200 poeng føre tredjemann, nordmannen Aksel Lund Svindal. Feuz vann fire av verdscuprenna, og stod i alt 13 gongar på pallen.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Dato Stad Øving
1. 2011-03-1111. mars 2011  Noreg Kvitfjell Utfor
2. 2011-12-1616. desember 2011  Italia Val Gardena Super-G
3. 2012-01-1414. januar 2012  Sveits Wengen Utfor
4. 2012-02-1111. februar 2012  Russland Sotsji Utfor
5. 2012-03-022. mars 2012  Noreg Kvitfjell Super-G*

*Delt med Klaus Kröll

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]