Beatles for Sale
| Beatles for Sale Studioalbum av The Beatles |
||
| Utgjeve | 4. desember 1964 | |
| Innspelt | Abbey Road Studios i London 11—14. august og 29. september—26. oktober 1964 |
|
| Sjanger | Folkrock, countryrock, rock and roll | |
| Lengd | 33:26 | |
| Selskap | Parlophone PMC 1240 (mono) PCS 3062 (stereo) CDP 7 46438 2 |
|
| Produsent | George Martin | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Beatles-kronologi | ||
| A Hard Day’s Night (1964) |
Beatles for Sale | Help! (1965) |
Beatles for Sale er det fjerde albumet til The Beatles. Det kom ut seint i 1964 og vart produsert i George Martin for Parlophone. Albumet synte eit lite vendepunkt i korleis Lennon og McCartney skreiv tekstar, og særleg Lennon viste ei interesse for å skrive songar som var meir sjølvbiografiske. «I’m a Loser» er første song som viser at Lennon var inspirert av Bob Dylan[1], som Beatles møtte i New York i august 1964.[2]
I USA vart songane på Beatles for Sale først gjeve ut på albuma Beatles ’65 og Beatles VI.
Innhaldsliste |
Oversyn [endre]
Berre seks dagar etter at bandet var i studio for å gjere ferdig A Hard Day’s Night gjekk Beatles i studio og starta på Beatles for Sale. Før innspelinga starta for fullt reiste bandet til Australia og New Zealand, og spelte konsertar i Nederland, Danmark og Sverige, samt gjorde fleire opptrede på fjernsyn, radio og konsertar i Storbritannia. Denne hektiske perioden med konsertar og reklamering for tidlegare plater gjorde at bandet fekk mindre tid til låtskriving og albumet inneheldt derfor fleire coverversjonar etter at A Hard Day’s Night berre hadde inneheldt originale songar. Likevel fekk dei tid til å spele inn singelen «I Feel Fine» og B-sida «She’s a Woman» (ingen av dei på albumet). Det er ein sterk country-påverknad på songar som «I Don’t Want to Spoil the Party» og «I’m a Loser».
Då Beatles for Sale vart spelt inn hadde Beatlemania akkurat nådd eit høgdepunkt, tidleg i 1964. Innspelinga starta 11. august, berre ein månad etter A Hard Day’s Night kom ut. Mykje av albumet vart spelt inn på «fridagar» frå konsertar i Storbritannia, og det meste av låtskrivinga vart gjort i studio. Det meste av albumet vart spelt inn i løpet av tre veker frå 29. september og framover. Produsenten George Martin har fortalt at bandet var særs slitne under innspelinga etter alt oppstyret som hadde vore gjennom heile 1964 og store delar av 1963.
Albumet måtte ut før jul og slitne som dei var klarte ikkje Lennon/McCartney å skrive nok songar i tide, så bandet måtte ty til coverversjonar. Albumet inneheld seks coverversjonar, like mange som på debutalbumet. Tre av coversongane vart spelt inn på totalt fem forsøk under ei innspeling den 18. oktober. Åtte av songane var orignale Lennon- og McCartney-songar. Innspelinga av albumet var ferdig 18. oktober og det var ferdig miksa 4. november. Nøyaktig ein månad seinare vart albumet gjeve ut.
Utgjeving [endre]
Beatles for Sale vart gjeve ut i Storbritannia den 4. desember 1964. 12. desember gjekk han inn på albumlista og vart liggande der i 46 veker. Ei veke etter han kom inn slo han A Hard Day’s Night ned frå førsteplassen. Den noko endra amerikanske utgåva, Beatles ’65, nådde førsteplassen i USA.
26. februar 1987 vart Beatles for Sale offisielt gjeve ut på CD, og albumet gjekk då inn på albumlista i Storbritannia igjen for to veker.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «No Reply» | 2:15 | |||||||
| 2. | «I’m a Loser» | 2:31 | |||||||
| 3. | «Baby’s in Black» | 2:02 | |||||||
| 4. | «Rock and Roll Music» (Chuck Berry) | 2:30 | |||||||
| 5. | «I’ll Follow the Sun» | 1:46 | |||||||
| 6. | «Mr. Moonlight» (Roy Lee Johnson) | 2:33 | |||||||
| 7. | «Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey» (Jerry Leiber og Mike Stoller, Richard Penniman) | 2:33 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 8. | «Eight Days a Week» | 2:43 | |||||||
| 9. | «Words of Love» (Buddy Holly) | 2:31 | |||||||
| 10. | «Honey Don’t» (Carl Perkins) | 2:55 | |||||||
| 11. | «Every Little Thing» | 2:01 | |||||||
| 12. | «I Don’t Want to Spoil the Party» | 2:33 | |||||||
| 13. | «What You’re Doing» | 2:30 | |||||||
| 14. | «Everybody’s Trying to Be My Baby» (Carl Perkins) | 2:30 | |||||||
Medverkande [endre]
- John Lennon: solo-, harmoni- og støttevokal, rytmegitar og akustisk gitar, munnspel, piano; tamburin og klapping.
- George Harrison: støtte vokal, solovokal på «Everybody's Trying to be my Baby», sologitar og akustisk gitar, afrikansk tromme på «Mr. Moonlight», og klapping.
- Paul McCartney: solo-, harmoni- og støttevokal, akustisk gitar og bassgitar, piano og hammondorgel, klapping
- Ringo Starr: trommer, tamburin, pauke, pappkasse og bongotrommer; solovokal på «Honey Don’t».
- George Martin: piano og produsent.
- John, Paul og Martin spelte same pianoet på «Rock and Roll Music».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Beatles for Sale» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Miles, Barry. The Beatles: A Diary. Omnibus Press, 2002 ISBN 0-7119-6315-0
- Badman, Keith. The Beatles Off The Record. Omnibus Press. ISBN 0-7119-7985-5.
- The Beatles Anthology. Chronicle Books, 2000.
- "beatles-discography.com - UK albums"
- "beatles-discography.com - US albums"
- "The Beatles Ultimate Experience"
- Stephen Thomas Erlewine. Beatles for Sale.
- Mark Lewisohn. The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road years 1962-1970. Hamlyn, 1988.
- Noyer, Paul Du. "The Beatles A Hard Day's Night"
- Rowley, David (2002). Beatles for Sale. Mainstream Publishing. ISBN 1-84018-567-8.
- ↑ Mark Lewisohn – Complete Beatles Chronicle, s.168
- ↑ Paul McCartney – Many Years From Now av Barry Miles
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |