Beauforthavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Beauforthavet

Beauforthavet er eit randhav til Nordishavet, som ligg nord for Alaska og det nordvestlege Canada, samt vest for Banksøya og Patrickøya.

Havet er i kring 450 000 km² vidt og er på det djupaste 4 683 meter. Gjennomsnittleg djupne er på vel 1 000 meter. Store delar av året er havet dekt med is og dei nordlegaste delane har hittil aldri vore isfrie. Elva Mackenzie og fleire mindre elvar munnar ut i Beauforthavet, som har eitt rikt dyreliv med kvalar og fleire ulike sjøfuglar.

Under Beauforthavet finst større førekomstar av petroleum og naturgass. Desse reservoira vart oppdaga på 1960-talet og den fyrste prøveboringa vart gjort i 1986.

Grenselinja mellom Canada og USA som ligg i havet er framleis omstridd.

Havet er kalla opp etter den engelske havforskaren Francis Beaufort.