Beauty and the Beast av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beauty and the Beast
Singel av David Bowie
frå albumet "Heroes"
B-side «Sense of Doubt»
Utgjeve 6. januar 1978
Innspelt Hansa Studio by the Wall, Vest-Berlin
Juli-august 1977
Sjanger Rock, krautrock, elektronisk
Lengd 3:32
5:18 (12"-versjon)
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi
«"Heroes"»
(1977)
Beauty and the Beast «Breaking Glass»
(1978)

«Beauty and the Beast» er ein song av David Bowie, og opningssporet på albumet "Heroes" frå 1977. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i januar 1978 og vart ein liten hitt i Storbritannia der han nådde 39. plass.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med ein usamanhengande kombinasjon av piano, gitar, elektronikk og stemmer som aukar i eit crescendo, og det har vorte sagt at det høyrest ut som «om Bowie er i ferd med å omskapast til Hulken».[1] I sjølve songen spelar Robert Fripp sologitar med handsamingar og synthesizer av Brian Eno.

Teksten er tolka som eit tilbakeblikk av Bowie på alvorlege stemningssvingningar han hadde under kokainmisbruket sitt då han budde i Los Angeles frå 1975 til 1976, med linja «Thank God Heaven left us standing on our feet», noko som indikerer at songaren er takksam for å ha kome seg gjennom perioden.[2] Uttrykket «someone fetch a priest» uttrykker ikkje eit ønske om religiøs hjelp, men til bannskapen til medprodusent Tony Visconti som han ofte uttrykte under innspelinga av "Heroes", «someone fuck a priest».[2]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val,[2] og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.»[1] Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.

Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beauty and the Beast» (David Bowie) – 3:32
  2. «Sense of Doubt» (Bowie) – 3:57

12" singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beauty and the Beast» (Bowie) – 5:18
  2. «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar) – 3:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt av det kristne heavy metal-bandet Deliverance på albumet Camelot-in-Smithereens (1995).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.91-93
  2. 2,0 2,1 2,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.35