Bebop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bebop er ein jazz-stil som oppstod på 1940-talet. Bebop er ei vidareutvikling av swing, med fokus på solistisk improvisasjon med raske, kompliserte og ofte asymmetriske melodiar. Stilen vert ofte utøvd i ein kvintett.

Mange unge musikarar i dei store swingorkestra var ikkje nøgde med å berre få spele arrangert musikk. Dei fekk sjeldan sjansen til å opptre som solist. Desse musikarane var godt utdanna og hadde ambisjonar om å spele meir seriøs musikk. Nokre av desse musikarane starta opp med sine eigne musikalske eksperiment.

Ein annan årsak til den nye stilen sitt inntog var at jazzen fram til då, ein musikkstil som voks fram frå dei svarte sine musikktradisjonar, var dominert av kvite musikarar. Det var desse som tente pengar på musikken. Benny Goodman, av media kåra til King Of Swing, var ein kvit musikar. Den svarte delen av musikarane byrja difor å jobbe fram meir komplekse tema og harmoniføringar. Det vert sagt at dei gjorde dette for å gjere det meir vanskeleg for kvite musikarar å beherske stilen.

Scott De Veaux skriv i The birth of bebop at beboppen har alle symptoma på ein revolusjon: musikken blir snudd på hovudet, dei unge er dei revolusjonære, det kjem fram uventa og ny innsikt, den eldre generasjonen held på det gamle og til slutt får ein gjennomslag for det nye.[1]

Standardbesetningen i bebop var kvintett, med trompet, saksofon, piano, bass og trommesett. Andre mindre besetningar var òg brukt. Bebop i storband var sjeldsynt. Eit unntak var Dizzy Gillespie sitt orkester. I moderne bebop er samansetninga av orkesteret meir variert.

Ein innspelingsboikott frå 31. juli 1942 til 11. november 1944 førte til at byrjinga av beboppen er dårleg dokumentert. Dei første platene etter boikotten vart opplevd som revolusjonære av eit publikum som ikkje hadde fylgt utviklinga frå starten. Bebop som fenomen vart spreidd til massane med dei første offentlege utgjevingane til Dizzy Gillespie og Charlie Parker i 1945.[2]

Viktige musikarar[endre | endre wikiteksten]

Trompet[endre | endre wikiteksten]

Saksofon[endre | endre wikiteksten]

Piano[endre | endre wikiteksten]

Gitar[endre | endre wikiteksten]

Bass[endre | endre wikiteksten]

Trommer[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Scott De Veaux (1999) The birth of bebop. A social and musical history – University of California Press. ISBN 0-330-37553-9.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The birth of bebop s. 43
  2. The birth of bebop s. 3