Bebresj viadukt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bebresj viadukt (виадукт „Бебреш“) |
|
| Kryssar | Ein dal i Vitninja-passet |
|---|---|
| Stad | Vitinja-passet i Balkanfjella, 60 km aust for Sofia i Bulgaria |
| Utforming | Bjelkebru, viadukt |
| Lengste spenn | 60 m |
| Total lengd | 720 m |
| Seglingshøgd | 120 m ned til bakken |
| Trafikk | Motorvegen Hemus |
| Opna | 1985 |
Bebresj viadukt (виадукт «Бебреш») er ei bjelkebru på motorovegen Hemus (eller A2) i Bulgaria. Ho ligg i Vitinja-passet i Balkanfjella, om lag 60 km aust for Sofia i ei høgd 1 050 meter over havet. Brua vart opna i 1985 og vart teikna av D. Dragoev, P. Mintsjev and Y. Todorov frå Moststroj AD.
Viadukten er 720 m lang og har 12 spenn, som kvar er 60 meter lange. Ho stig 120 meter over bakken på det høgaste, og vert rekna som den høgaste brua på Balkan og i Bulgaria. Brua er ein ynda stad for strikkhopping på grunn av den store høgda over bakken.
Kjelder [endre]
- Bebresj viadukt på Structurae
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bebresh Viaduct frå Engelsk Wikipedia .