Bedřich Smetana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bedrich Smetana
Statue av Bedrich Smetana i byen Pilsen i Tsjekkia

Bedřich Smetana (fødd 2. mars 1824 i Litomyšl, død 12. mai 1884 i Praha) var ein bøhmisk komponist og musikklærar.

I åra 1843 til 1847 arbeidde han som muskklærar i Praha, mens han studerte klaver under Josef Proksch. Saman med direktøren for musikkonservatoriet i Praha, Johann Friedrich Kittl, og musikkhistorikaren August Wilhelm Ambros stifta Smetana og Proksch ei musikalsk-patriotisk gruppe, som tilslutta seg ideala i nyromantikken til blant andre Richard Wagner. I 1848 fekk han midlar frå Franz Liszt til å opne eigen musikkskule i Praha.

Av politiske årsaker forlét Smetana Praha i 1856, og slo seg ned i Gøteborg i Sverige. Der verka han som musikklærar og dirigent. I 1861 vende han tilbake til Praha, og i 1863 opna han nok ein musikkskule for utbreiing av tsjekkisk musikk. I denne perioden var han svært aktiv, og hadde ei rekke oppdrag som dirigent, musikkritikar og ikkje minst som pådrivar i ei rekke foreiningar og institusjonar som arbeidde med nasjonalromantisk musikk.

Smetana var smitta av syfilis. I 1874 hadde sjukdomen gjort han døv, og han trekte seg unna ålmenta. Han heldt likevel fram med å komponere, som til dømes Má vlast (Mitt land) . Han skreiv òg ein strykekvartett, Z mého života (Frå mitt liv), som er eit sjølvbiografisk verk der ein kan høyre at komponisten var plaga av tinnitus.

Etter kvart blei han sinnssjuk, og kort tid før døden sin blei han lagt inn på mentalsjukehuset der han døydde 12. mai 1884. Han er gravlagt på gravlunden Vyšehrad i Praha.

Smetanas arbeid omfattar blant anna åtte operaar der den mest kjende er Den solgte brud. Syklusen Má vlast består av seks symfoniske dikt, der den eine, Vltava (betre kjend som Moldau) er kanonisk. Musikken har gjerne preg av tsjekkiske danserytmar, og melodiane kan ha preg av folkemusikk. Han har hatt stor påverknad på Antonín Dvorák, som òg i stor grad har brukt tsjekkiske tema i arbeida sine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.