Slipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bedding)
Friluftsslipp
Slipp for mindre motorbåt eller robåt.

Ein slipp eller opphalingsbedding er eit forseggjort opptrekk for båtar og skip. Slippen gjer det mogeleg å trekkje fartøyet frå flytande posisjon og opp på tørt land. Mange slippar endar opp i ein stor verkstadshall.

Slippen består av ein dramekanisme, ei vogn som er utstyrt med støttestag (vogge) for å halde båten loddrett, og ein skinnegang på eit skråplan ned i og under vatnet til han er djupt nok nede til at båten blir liggande riktig medan han blir trekt opp. Bedding er sjølve underlaget eit skipsskrog står på medan det blir bygd eller reparert. Beddingen er knytt til slippen slik at fartøyet kan sjøsetjast. Normalt vert fartøyet sjøsett med akterenden først, men i tronge elvar og liknande kan sjøsetjinga gjerast på tvers, med beddingen parallelt til vasskanten. Ein beddingkran er ein heisekran som ligg langs beddingen for montering av delane på skipsskroget.

Slippen er ein del av det naudsynte utstyret for skipsverft, der ein anten ville ha tilgang til botnen av båten for rusthandsaming eller andre arbeid, men òg for å kunne arbeide under tak. Dei største fartøya som seglar i dag, kan ikkje slippsettjast, men må i dokk.

Småbåtar i område med stor tidvasskilnad løyser problemet ved å legge båten over ein sandbanke ved flo sjø. Når der er fjøre, ligg båten fleire meter over havflata og ein har fleire timar på seg før båten flyt att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]