Bedford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bedford

Bedford bybru
Bedford bybru
Plassering
Bedford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Bedfordshire
Distrikt Bedford
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

88 733
Koordinatar 52°8′″N 0°27′″WKoordinatar: 52°8′″N 0°27′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK40, MK41, MK42
Telefon-retningsnummer 01234
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bedford

Bedford er administrasjonsby i grevskapet Bedfordshire i England, og dessutan i distriktet Bedford. Byen har kring 90 000 innbyggjarar, medan distriktet har omkring 150 000 innbyggjarar, som er busett i Bedford og i Kempston, som ligg rett i nærleiken.

Bedford vart kjøpstad tidleg i mellomalderen. På 1800-talet vart det etablert fleire store ingeniørbedrifter her, men i dag er dei fleste av desse nedlagt, og byen har slite med økonomiske nedgangtider sidan 1980-åra. Likevel veks byen raskare enn dei fleste andre byar i England, og i byrjinga av 2000-åra har fleire nye store bustadområde vorte bygd.

Dei fleste arbeidstakarane som buset seg i byen pendlar til London eller Milton Keynes, og Bedford er endestasjon for Thameslink og stoppestad for Midland Mainline-toget.

Predikanten og forfattaren John Bunyan budde i Bedford, der han òg vart fengsla. Den siste avrettinga i Storbritannia fann stad i Bedford fengsel.

Elva Great Ouse renn gjennom sentrumet til byen. Langs elvebreidda ligg vene hagar i eit område kjent som The Embankment.

Det finst fire privatskular i byen, alle drivne av den velgjerande organisasjonen Harpar Trust, som vart oppretta ved hjelp av ein testamentatisk gåve frå Bedfordborgeren sir William Harpur1500-talet.

Tidleg i 1950-åra dreiv firmaet London Brick Company rekruttering av arbeidskraft i det sørlege Italia, og folketeljinga i 2000 viste at omkring 10 % av folkesetnaden i Bedford er av italiensk avstamming.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]