Behaviorisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Behaviorismen)

Behaviorismen er ei retning innan psykologien som voks fram ved byrjinga av 1900-talet. Retninga byggjer på å forska vitskaplegåtferd ved å observera henne heller enn å ty til introspeksjon. Retninga har hatt stor innverknad på behandlinga av psykiske lidingar.

Ein av idéane bak behaviorismen er at fri vilje ikkje finst, men at all åtferd er bestemt av ein samverknad av påverknader frå gener og miljø.

Behaviorismen fekk ry som ein vitskap gjennom forskinga til B.F. Skinner med operant betinging og dei klassiske hundeforsøka til Ivan Pavlov med klassisk betinging.

Sidan 1970-talet har interessa for den tradisjonelle behaviorismen gått ned til fordel for kognitiv psykologi.

Behaviorismen har sterkt fokus på klassisk betinging som læringsform, og miljøet vert dermed kjelda til danninga av personlegdomen gjennom måten det påverkar individet på. For behavioristane er det viktig at inga åtferd kan skje utan ein påverknad. Dette er grunnlaget for samanhengen mellom stimulus og respons, som kanskje er det behaviorismen er mest kjend for (Bø & Helle, 2002; Imsen, 1991).

Ei behavioristisk grunnhaldning vil ha fokus på formidling av informasjon (Ludvigsen, 2002). Kunnskapssynet er empirisk (Dysthe, 1999), noko som inneber at ein ser på kunnskap som erfaringar ein skaffar seg igjennom sansane (Magee, 1999). Fokus vert retta mot assosiasjonar mellom mentale prosessar og handlingar (Greeno m. fl., 1996). Undervisningssynet er dermed instruksjonalistisk, noko som medfører at kunnskapar er noko som kan overførast – instruerast – frå ein aktør til ein annan.

Viktige omgrep i denne tradisjonen er: Stimulus-respons, små suksessar, fokus på resultat og positiv forsterking (Dysthe, 2001a; Wilson & Myers, 2000).

Watson, Skinner og Thorndike er døme på teoretikarar frå denne tradisjonen. I eit instruksjonalistisk læringsmiljø er det altså lagt til rette for at ein kompetent person, som oftast læraren, skal ha høve til å formidle sine erfaringar til mindre kompetente lærande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia
  • Engelsk Wikipedia
  • Bø, I., & Helle, L. (2002). Pedagogisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget AS.
  • Dysthe, O. (1999). Ulike teoriperspektiver på kunnskap og læring. Bedre skole.
  • Dysthe, O. (2001a). Dialog, samspel og læring. Oslo.: Abstrakt forl.
  • Greeno, J. G., Collins, A. M., & Resnick, L. B. (1996). Cognition and learning. In B. D. & C. R. (Eds.), Handbook of educational psychology (pp. 15-46). New York: Macmillan.
  • Imsen, G. (1991). Elevens Verden (2. utgåve ed.). Oslo: TANO AS.
  • Ludvigsen, S. (2002, 140302). Studentaktive arbeidsformer - Læring og IKT. Paper presented at the Kvalitetsreforma ved HVO, Høgskulen i Volda.
  • Magee, B. (1999). Filosofi (J.-E. E. Hanssen, Trans.). Oslo: N.W. Damm & søn AS - Teknologisk forlag.
  • Myhre, R. (1993). Grunnlinjer i pedagogikkens historie. Oslo: Ad Notam Gyldendal Norsk Forlag AS.
  • Wilson, B. G., & Myers, K. M. (2000). Situated Cognition in Theoretical and Practical Context. In D. Jonassen & S. M. Land (Eds.), Theoretical Foundations of Learning Environments (pp. 57-88). Mahwah NJ: Lawrence Erlbaum Associates.