Behind Blue Eyes
| «Behind Blue Eyes» Singel av The Who frå albumet Who's Next |
||
| B-side | «Going Mobile» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1971 | |
| Innspelt | Mars til mai 1971 i Olympic Studios i London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:42 | |
| Selskap | Decca, MCA (U.S.) Track, Polydor (UK) |
|
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
| Produsent | The Who Glyn Johns |
|
| The Who-kronologi | ||
| «Let's See Action» (1971) |
«Behind Blue Eyes» | «Join Together» (1972) |
«Behind Blue Eyes» er ein song skriven av Pete Townshend frå The Who for prosjektet Lifehouse. Prosjektet vart aldri noko av og songen kom først ut på albumet Who's Next frå 1971 i lag med fleire andre songar laga for prosjektet.[1][2] Songen er ein av dei mest kjende innspelingane til The Who og har vorte spelt av mange andre bandet, mellom anna Limp Bizkit i 2003.
Innhaldsliste |
Oversyn [endre]
|
No one knows what it's like Pete Townshend
|
Songen er ein av dei mest kjende songane til The Who. Han startar med akustisk gitar og vokal, etter kvart bassgitar og harmonivokal og til slutt vert han ein fullskala rockesong før songen vert like roleg i avslutninga som i starten. Songar som var delte i forskjellige seksjonar som dette var eit varemerke for Townshend på denne tida. Gitarriffet mot slutten av songen vert òg nytta etter mellomspelet i songen «Won't Get Fooled Again», og kanskje var det meint å vere ei lenkje mellom desse to då songane var meint som ein del av ein rockeopera.
Utgåva av «Behind Blue Eyes» som kom med på Who's Next var faktisk den andre innspelinga bandet gjorde av songen. Ei tidlegare utgåve kom med som bonusspor på CD-utgåva av albumet med Al Kooper på hammondorgel. Pete Townshend har òg spelt inn songen to gonger som soloartist, ein gong (den orignale demoen av songen) kom med på albumet Scoop. Demoen og ei nyare innspeling med orkesterakkompagnement finst på The Lifehouse Chronicles.
Bandet spelte òg inn ei alternativ studioutgåve som er litt forskjellig frå orignalen her og der. Denne songen er på den nymastra utgåva av Who's Next.
Andre utgåver [endre]
Limp Bizkit [endre]
| «Behind Blue Eyes» Singel av frå albumet Results May Vary |
||
| Innspelt | 2003 | |
| Sjanger | Akustisk rock | |
| Lengd | 4:28 | |
| Selskap | Interscope Records | |
| Produsent | Fred Durst | |
«Behind Blue Eyes» vart spelt av Limp Bizkit på albumet Results May Vary frå 2003. Songen vart opphavleg gjeve ut for filmen Gothika med Halle Berry i hovudrolla. Teksten til songen vart kraftig endra av Limp Bizkit.
Andre artistar [endre]
Andre som har spelt songen er Bryan Adams, Sheryl Crow, Testudo, Ian Stuart Donaldson, Jon English, Suzanne Vega, Silvertide og The Chieftains.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Behind Blue Eyes» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Who's Next : The Who». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/reviews/album/196775/review/6067884?utm_source=Rhapsody&utm_medium=CDreview. Henta 30. juni 2009.
- ↑ «The Streets lead Ivor nominations». BBC News. http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/4433223.stm. Henta 30. juni 2009.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |