Behind the Sun av Eric Clapton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Behind the Sun
Studioalbum av Eric Clapton
Utgjeve 11. mars 1985
Innspelt 1984
Sjanger Rock, pop
Lengd 49:54
Selskap Warner Music Group
Produsent Eric Clapton, Phil Collins, Ted Templeman, Lenny Waronker
Kritikk
Eric Clapton-kronologi
Backtrackin'
(1984)
Behind the Sun Edge of Darkness
(1985)

Behind the Sun er eit album frå 1985 av Eric Clapton. Tittelen på albumet kjem frå ei linje frå Albert King sin «Louisiana Blues». Det er òg det første samarbeidsprosjektet til Clapton med Phil Collins. Det vert ofte omtalt som «comebackalbumet» hans og vart godt motteke i både USA og Storbritannia. Etter nesten eit tiår der gitarspelinga til Clapton kom i skuggen av synginga og låtskrivinga hans, inneheld dette albumet noko av den beste gitarspelinga hans sidan tida i Cream i 1960-åra. Singelen «Forever Man» spelar Clapton ein forbløffande gitarsolo for full kraft. Videoen til «Forever Man» vart mykje vist på MTV, og har mellom anna med ei ulukke der kameraet fell ned frå hevearmen. Albumet inneheld mykje synthesizerar og trommemaskinar spelt av Phil Collins, Ted Templeman, Peter Robinson, Michael Omartian, James Newton Howard, Chris Stainton og Greg Phillinganes, samt Clapton sin Roland gitarsynthesizer på «Never Make You Cry». Bassistane Donald «Duck» Dunn frå Booker T. & the MG's og Nathan East frå smoothjazz kvartetten Fourplay spelte òg på plata.

I sjølvbiografien sin hugsar Clapton innspelingane i 1984 som ei god tid: «Det heile gjekk så bra, eg håpte at det aldri skulle ta slutt.» Han hadde derimot problem i ekteskapet med Pattie Boyd, som vart temaet på fleire av songane: «She's Waiting», «Same Old Blues» og «Just Like a Prisoner», inneheld alle lange gitarsoloar av Clapton. Det var i denne perioden at Boyd gjekk frå han, og dei tok etter kvart ut separasjon. Clapton lindra smerta med å skrive songen «Behind the Sun», med berre han på gitar og vokal, og Phil Collins på synthesizer, som av den siste songen på albumet.

Dette var òg første gongen Clapton samarbeidde med låtskrivaren Jerry Lynn Williams. Som svar til at Van Morrison hadde vorte droppa frå Warner Bros. Records, ønskte Clapton at albumet skulle ha fleire hitsinglar: «Dei sendte meg tre songar frå ein låtskrivar i Texas - «Forever Man», «Something's Happening» og «See What Love Can Do» - og dei var gode.» Innspelingane inkluderte tidlegare Toto-gitarist Steve Lukather og trommeslagar Jeff Porcaro, samt dei langvarige samarbeidspartnarane til Clapton, bassist Nathan East og klaverspelar Greg Phillinganes, som offisielt vart med i Toto i 2005.

Behind The Sun-turneen inkluderte òg den første Live Aid-konserten i 1985 der «She’s Waiting» vart framført i lag med «White Room» og «Layla».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «She's Waiting»   Clapton, Peter Robinson 4:55
2. «See What Love Can Do»   Jerry Lynn Williams 3:58
3. «Same Old Blues»   Clapton 8:15
4. «Knock on Wood»   Eddie Floyd, Steve Cropper 3:19
5. «Something's Happening»   Jerry Lynn Williams 3:23
6. «Forever Man»   Jerry Lynn Williams 3:13
7. «It All Depends»   Clapton 5:05
8. «Tangled In Love»   Levy, Richard Feldman 4:11
9. «Never Make You Cry»   Clapton, Phil Collins 6:06
10. «Just Like A Prisoner»   Clapton 5:29
11. «Behind the Sun»   Clapton 2:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]