Beiarn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beiarn)
Beiarn kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Moldjord
Areal 1 222 km²
 - land 1 189 km²
 - vatn 33 km²
Folketal 1 062  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Andrè Kristoffersen (Sp)
Kommunenr. 1839
Kart
Beiarn
66°55′2″ N 14°40′29″ E
Wikimedia Commons: Beiarn
Nettstad: www.beiarn.kommune.no
Høgtind.
Foto: Einar B. Skomsvoll
Stavkyrkja på Savjord.
Foto: Einar B. Skomsvoll
Beiarn kyrkje.
Foto: Roar Johansen

Beiarn er ein kommune i Salten i Nordland. Han grensar i nord mot Bodø kommune, i aust mot Saltdal kommune, i sør mot Rana kommune og i vest mot Meløy og Gildeskål kommune. Beiarn er i dag kanskje mest kjend på grunn av det gode laksefisket frå medio juni til september, og Beiarelva er av dei beste i Nordland på både laks og sjøaure.

Næringsvegar og busetjing[endre | endre wikiteksten]

Landbruk er den viktigaste næringsvegen i kommunen. Administrasjonssenteret i kommunen ligg på Moldjord. Det finst skoler på Moldjord og på Trones. Dei fleste i kommunen er busette i Beiardalen på og mellom desse to stadene.

Namnet Beiarn[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh i Norske Gaardnavne [1] hevdar at namnet Beiarn har opphav etter nemning på fjorden. Finn Myrvang, leiar Stadnamnprosjektet i Nordland, har drøfta det vidare i ein artikkel i Årbok for Beiarn 2006 og meiner at namnet kan kome frå bægjandi med stamme i bágr (båg: vanskeleg, hinderleg, rangsnudd, jamfør den islagte Beiarfjorden som hindra ferdsel med båt om vinteren). Bægjandi, uttala beiandi utvikla seg til beian.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har vegsamband med Misvær i Bodø kommune, tidlegare Skjerstad kommune. Sambandet kom i 1966 og før den tid gjekk all offentleg transport til og frå omverda på Beiarfjorden. Grendene langs fjorden mellom Svartnes og Evjen har ikkje veg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Beiarn er ein innlandskommune, men har samband med havet gjennom den dels tronge og krokete Beiarfjorden. Det meste av fjorden ligg i Beiarn kommune, ut til grensa mot Gildeskål ved Kjelling. Fjorden er ca. 20 kilometer lang frå vest mot aust med grendene i Ytre Beiarn langs fjordsida med Åg, Evjen, Eggesvik, Agnesli, Øynes, Nordland, Breivik, Svartnes og Tvervik, inst mot fjordbotnen på sørsida. Frå Tvervik ser ein Seglfjellet på nordsida av fjorden, namnet kan komme av teikninga i fjellveggen som liknar eit nordlandssegl.

Beiardalen ligg i lengderetninga som ein omvendt L, frå fjorden går han først omkring 15 km austover før han vender nitti grader om mot sør ved Larsos – Osbakk og held fram ca. 40 km mot dei øvste gardane. Det lokale namnet på Beiarelva er Storåga. Arstadlia-Tverviknakken naturreservat, Leirvika naturreservat, Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Váhcanjohka naturreservat ligg heilt eller delvis innanfor kommunen.

Hovuddalen[endre | endre wikiteksten]

Grender langs dalføret er nedanfrå og opp Arstad, Soløy, Dokmo, Moldjord, Vold, Kvæl, Eiterjord, Navjord, Selfors, Savjord, Molid, Strand, Storjord, Brennmo, Haugbakk, Larsos, Os, Osbakk, Nes, Haugmo, Skyttmarka, Furunes, Israelsbakk, Hemminghytt, Trones, Trolia og Tollånes. Vidare Høyforslett, Blåmolia, Furumo, Tverånes, Rengård, Bakklund, Krokstrand, Stormyrhals, Leiråmo og Trollberget.

Sidedalar[endre | endre wikiteksten]

Arstaddalen startar i nord ved utlaupet av Beiarelvas og følgjer sørover ca. 15 km langs Arstadelva til Arstaddalsdammen.

Eit vassdrag og dalføre fører opp frå Skytmark i retning aust. Her ligg grenda Ramskjell ved eit vatn med same namn.

Tollådalen startar i vest ved Tollånes kor elva Tollåga renn ut i Beiarelva, og følgjer vest/sørvest langs elva Tollåga.

Tverådalen startar kor Tveråga renn ut i Beiarelva i vest ved Tverånes, og følgjer austover. Turistforeninga eig og driv turisthytta Beiarstua ved Tverånes.

Gråtådalen går frå munningen av Gråtåga og i retning sørvest mot inn i retning Svartisen. Dalen er kjend for grotter.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Høgste fjellet i kommunen er Skjelåtinden på grensa mot Meløy på 1637 moh. Høgtinden på 1405 moh. er mykje synleg i nerbygda og ligg rett sør for Moldjord. Andre fjelltoppar er Ramsgjeltinden på 1237 moh. og Tellingen 1248 moh.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

The Groove Valley Jazz-Camp er et nystarta (2005-) konsept som føregår i starten av august og varer i ei veke.

Villmarksdagan går føre seg i slutten av august og er to lokale handelsdagar med historisk preg. Kommunen har ein grotteklubb Arkivert 2007-09-14 ved Wayback Machine. som organiserer interesser for grottevandring.

Den 30. november kvart år føregår Julanders, som er ein julebukktradisjon i Salten området. Dette er ein tradisjon som eigentleg har ukjent opphav og handla tidlegare om at ungdommar gjekk rundt på dørene og tigga kjøtt (i dag godter). Disse ungdommane var utkledd på styggaste måte, gjerne i slakteavfall og dyreskinn og skulle på denne måten likne Julanders, eit slags troll som kravde enten kjøtt eller så tok han barna deira. Blei ofte nytta til å skremme barna med i oppsedinga.

Vasskrafta i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Det har vore etablert to private anlegg for vasskraftproduksjon i kommunen: Arstadfossen kraftverk (3 GWh/år) og Kjeldåga kraftverk (2,7 GWh/år). Hausten 2006 opna Sjøfossen Kraftlag produksjon av kraft frå det tredje anlegget i kommunen, Nordlandselva kraftstasjon i Nordland i Ytre Beiarn (9,7 GWh/år). Frå 2008 kjem Steinåga kraftstasjon på 26 GWh/år.

Elles er vatnet frå delar av nedslagsfelt i kommunen overført til kraftanlegg i nabokommunar som supplement til vasskrafta der:

Ei større vasskraftutbygging i kommunen vart stoppa av regjeringa Stoltenberg I etter langs tids strid mellom Statkraft og verneinteresser. Vedtaket vart i praksis gjort kjent gjennom Jens Stoltenberg sin første nyttårstale (2001) då han varsla at ingen større vasskraftutbyggingar i landet ville bli realiserte. Sentralt i planane for Beiarn var oppdemming og sterk regulering av Ramskjellvatnet og regulering av Tollåga.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]