Beinfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Beinfisk

Macropodus opercularis
Paradisfisken Macropodus opercularis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
overklasse: Osteichthyes
Vitskapleg namn
Osteichthyes

Beinfisk (Osteichthyes) er ein overklasse ryggstrengdyr som omfattar alle fisk med forbeina skjelett. Me delar han inn i to klassar ut frå korleis finnene er bygd opp; kjøtfinnefiskane har finnemusklane integrert i sjølve finnene medan strålefinnefisk berre har dei ved finnerøtene. Dei fleste beinfisk høyrer til teleostane.

Tidlegare rekna ein beinfisken som eigen klasse, men dette har ein seinare funne ut at er systematisk unøyaktig. Sidan ein normalt ikkje reknar tetrapodane (amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr) med i ho, vert gruppa parafyletisk. Omgrepet er likevel mykje i bruk, både i og utanfor fagmiljø.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.