Beinkjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beinkjør er eit rock/punk band som vart starta i Lærdal i Sogn og Fjordane i 2000.

Bandet spelte inn tre plater på CD-R, delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pelsslaktarhus i perioden 2000 til 2002.

Sumaren 2002 flytta dei til Bergen for å prøve lukka i det harde punkmiljøet og rekrutterte ny trommeslagar.

Bandet spelte ei rekke konsertar rundtom i landet imellom 2002 til 2006. I 2007 spelte dei på festivalen Støy i Sogndal, i januar og på festivalen Fres i Fresvik. Plata Rock For Rus kom ut i 2008. Blant «Såggning» og «Framtid i Lærdal» inneheldt plata tyske gloser, direkte engelske oversettingar, snodige punklåtar og ein coverlåt av E68, der teksten var skrive av den dåverande politimannen Kristen Olav Grøttebø.

I 2010 gjekk bandet i studio med ny leadgitarist og spelte inn ein slags temaplate om folket og livet i Lærdal og Indre Sogn. 15. november kom albumet Skot & Skrømt.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Knut alias Ronny Overtredelse - vokal
  • Jon E.S. alias Børre Brudd - gitar

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Motorhåve - trommer (førekom òg med Dei Nye Norske Vampyrane og med Pao Kantn Kaffidrikkjarlag under namnet Hammerhead)
  • Inge N. - bass (forsvann sporlaust)
  • Kåre Kriminell - bass (henta inn frå Candy Kings og Art Sabotage, spelar no i Krakow)
  • Værste Duden - bass (frå Tarmer og Quasimojo)
  • Ragg - bass (frå Bitches & Bastards og Freak Oi! Accident. Lærte settet på ein halvtime og steppa inn på ein konsert i Kjærrafossen)
  • Stash Bastard - bass (frå Teenage Highway)
  • Bowitz - bass (frå Seidel og Di Kjipe. Var med i omtrent ei veke)
  • Dennis Dealer - bass (Frå Tarmer og Svettlana & The Punkrock Trio)
  • Bassisten i Beinkjør - bass (frå Fjelg og Kaosgenerator)
  • Rytmegitaristen i Beinkjør - rytmegitar (frå Fjelg og Kaosgenerator)
  • Ronny alias Ottar Oppvigler – Trommer
  • Christopher alias Jahn Deigen - bass
  • Torbjørn Ringstad - elektrisk sologitar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vi Skal Storme Slottet EP CD (2000)
  • Radio Beinskjør Album CD (2001)
  • Faen Album CD (2002)
  • Rock For Rus Album CD (2008)
  • Skot & Skrømt Album CD (2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]