Beisfjorden i Narvik

Koordinatar: 68°25′28″N 17°23′44″E / 68.42444°N 17.39556°E / 68.42444; 17.39556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°25′28″N 17°23′44″E / 68.42444°N 17.39556°E / 68.42444; 17.39556 Beisfjorden er ein fjordarm på sørsida av Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden ligg på vestsida av byen Narvik og strekkjer seg om lag 11 km søraustover til Beisfjord.

Fjorden har innløp mellom Ankenes i sør og Framnesodden ved Narvik lufthamn i nord. Malmkaia ligg på nordsida av fjorden, like aust for Framnesodden. Ved Fagernes ligg sudnet Fagernesstraumen og her kryssar E6 fjorden via den 375 meter lange Beisfjordbrua. Frå Beisfjordbrua går Fv751 innover til Beisfjord på nordsida.