Beit Jann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om drusararbyen i Israel. For byen sør i Syria, sjå Beit Jinn.
Beit Jann
בֵּיתּ גַ'ן, بيت جن
lokal kommune
Namneopphav: Huset til anda eller Hagehuset[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°57′55″N 35°22′46″E / 32.96528°N 35.37944°E / 32.96528; 35.37944
Areal 4,65 km²
Folketal 10 500  (2009)[2]
Folketettleik 2 258 / km²
Kart
Beit Jann
32°57′55″N 35°22′46″E / 32.965277777778°N 35.379444444444°E / 32.965277777778; 35.379444444444
Wikimedia Commons: Beit Jann

Beit Jann (arabisk بيت جن, hebraisk בֵּיתּ גַ'ן) er ein drusarlandsby i Har Meron, nord i Israel. Med ei høgd på 940 meter over havet er Beit Jann ein av dei høgastliggande busetnadane i landet. I 2009 hadde han 10 500 innbyggjarar,[2] og innbyggjarar er hovudsakleg drusarar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Jann er ein gammal landsby på toppen av ei høgd. Steinar frå gamle bygningar er nytta om att i nyare hus, og det er funne cisterner og graver skoren ut i berget.[4]

Kring 1250 vart Beit Jann nemnt blant casalane til Den tyske riddarordenen, då kalla Beitegen.[5][6]

I følgje ei lokal seg skal fleire drusarfamiliar har levd i spreidde grupper i åsane nær vasskjelder fram til 1200- eller 1300-talet. To jegerar leitte etter grevlingar, då dei kom over ei hole med ei gammal cisterne fylt med vatn. Dei meinte at dette var ein god stad for ein permanent bustad, og fleire familiar slo seg ned på staden som vart Beit Jann.[7]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Bayt Jinn oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya. Han hadde eit folketal på 102 hushaldningar og 5 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for eit spesielt produkt: dulab harir, enkelte inntekter, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.[8]

Den amerikanske bibelforskaren Edward Robinson skildra Beit Jann som ein «stor, velbygd landsby» i 1852, med hus av kalkstein. Det var 260 menn, alle drusarar, i landsbyen.

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Bait Jan eit folketal på 902: 6 muslimar, 1 kristen og 895 drusarar.[9] I folketeljinga i 1931 hadde Beit Jann 229 hus og eit folketal på 1100 drusarar og éin muslim.[10]

Heilagdom i Baha al-Den.

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

I september 1991 vart liket av Samir Assad, ein soldat frå Det israelske forsvaret frå Beit Jann, som var halden sidan 1983 av DFLP, gjeve attende til Israel i byte mot medlemmar av DFLP sende i eksil.[11]

I juli 2006, under den andre Libanonkrigen, vart Beit Jann råka av Katyusha-rakettar avfyrt av Hizbollah.[treng kjelde]

Utkanten av Beit Jann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 68
  2. 2,0 2,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Arkivert (PDF) frå originalen den 21. november 2010. Henta oktober 30, 2010. 
  3. Higher education i drusarar community
  4. Dauphin, 1998, s. 657
  5. Conder and Kitchner, 1881, s. 206
  6. Strehlke, 1869, s. 78-79, No. 100; sitert i Röhricht, 1893, RHH, s. 308, No. 1175
  7. Mountain People, Jerusalem Post
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 192
  9. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
  10. Mills, 1932, s. 100
  11. Prisoners-of-War and Captive Soldiers Exchanges

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]