Beitostølen
| Beitostølen | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Øystre Slidre | |
| Fylke | Oppland | |
| Folkemengd[1] | 293 (2012) | |
| Folketettleik | 418,6 /km² | |
| Areal[1] | 0,7 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 51 | |
| Postnummer | 2953 BEITOSTØLEN | |
| Preposisjon | på Beitostølen | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Beitostølen er ein tettstad og vintersportsstad i Øystre Slidre kommune i Oppland fylke. Staden har 293 innbyggjarar (2012), og som namnet fortel var staden opphavleg ei stølsgrend.
På Beitostølen er det fleire hotell og store hytteområde. Det er òg butikkar, serveringsstader og andre tenestetilbod særleg retta mot tilreisande. Staden er kjend som vintersportsstad med alpinbakkar både ved Beitostølen sentrum og i Raudalen, samt langrennsløyper på totalt 320 km.
Her ligg Beitostølen Helsesportsenter, ein rehabiliteringsinstitusjon for funksjonshemma, stifta av Erling Stordahl. Ridderrennet, eit skirenn for funksjonshemma, vert halde på Beitostølen kvart år. Frå 2004 har sesongopninga i verdscupen i langrenn vorte arrangert her. Eit skiskytingsrenn plar òg arrangerast her tidleg i sesongen. I november kvart år skipar Øystre Slidre IL til Beitosprinten.
Innhaldsliste |
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Beitostølen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2008.