Beitstadsundet

Koordinatar: 64°3′4.2336″N 11°13′11.237″E / 64.051176000°N 11.21978806°E / 64.051176000; 11.21978806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°3′4.2336″N 11°13′11.237″E / 64.051176000°N 11.21978806°E / 64.051176000; 11.21978806

Beitstadsundet sett frå det 75 meter høge gruvetårnet i Malm.
Foto: Stein Anders Larsen

Beitstadsundet er ein fjordarm av Trondheimsfjorden som går nordover frå Beitstadfjorden og inn til Vellamelen ved Hjellbotn. Fjorden har ei lengd på 13 km og ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag.

Fjorden har innløp mellom Rarnberg i vest og Setervika i aust. Fjorden strekkjer seg nordover til Malm, kommunesenteret i Verran som ligg på vestsida av fjorden. Ved Malm svingar fjorden skarpt nordaustover. Fjorden er om lag 300-600 meter brei, men ved Hjellbotn vert fjorden langt breiare. Hjellbotn er på det meste 3,5 km frå aust til vest, men berre 1 til 1,2 km frå innløpet i sør og nordover.