Beka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beka er eit gammalt egyptisk, assyrisk og hebraisk mål for edle varer, særskild for veging av gull

Eininga beka er bruka i Det gamle testamentet for ein halv sjekel[1] og tilsvarar om lag 5,7 gram. Det finst likevel ulike utrekningar for dei bibelske måla, og verdiane kan ikkje fastsetjast heilt nøyaktig.[2]

Ein egyptisk beka, kjend frå 2500 f.Kr., var ca. 13 gram. Men eininga (om ikkje namnet) er langt eldre. Lodd av kalkstein frå Egypt frå 4000-talet f.Kr. med masse frå ½ til 40 beka er dei eldste kjente døma på vektlodd.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]