Bekaadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°00′32″N 36°08′43″E
Bekaadalen
dal
none  Qaraounsjøen i Beqaadalen
Qaraounsjøen i Beqaadalen
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
koordinatar 34°00′32″N 36°08′43″E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Bekaadalen eller Beqaadalen (arabisk وادي البقاع, Wādī l-Biqā‘, libanesisk [bʔaːʕ], òg skrive Bekaa, Biqâ eller Becaa; armensk Բեքայի դաշտավայր) er eit grøderikt dalføre aust i Libanon. Han ligg aust for Libanonfjella og vest for Anti-Libanonfjella. To elvar renn gjennom dalen, Litani og Orontes. Han er den nordlegaste delen av den afrikanske Riftdalen. For romarane var Beqaadalen ei viktig jordbrukskjelde, og i dag er dalen det viktigaste jordbruksområdet i Libanon.[1]

Aammiq våtmarksområde

Beqaa ligg kring 30 km aust for Beirut og mellom Libanonfjella i vest og Anti-Libanonfjella i aust. Han utgjer den nordaustlege forlenginga av Jordandalen, som strekkjer seg frå Syria til Raudehavet. Beqaadalen er kring 120 km lang og i snitt kring 15 km brei. Han har middelhavsklima med våte, og ofte snørike, vintrar og tørre, varme somrar. Regionen får avgrensa nedbør, særleg i nord, fordi Libanonfjella skapar ein regnskugge som blokkerer fuktig luft frå havet. Den nordlege delen av dalen får kring 230 mm i året, medan den sentral delen av dalen får 610 mm. To elvar spring ut i dalen: Orontes (Asi), som flyt nordover og inn i Syria og Tyrkia, og Litani, som flyt sør og så vest til Middelhavet.

Frå det første hundreåret fvt., då regionen var ein del av Romarriket, var Beqaadalen ei stor kornkjelde for den romersk provinsen Levanten. I dag utgjer dalen 40% av den dyrkbare marka i Libanon. Nordenden av dalen som får lite nedbør og har mindre frodig jordsmonn, blir hovudsakleg nytta til beitemarker, hovudsakleg av innflyttarar frå Den syriske ørkenen. Lenger sør, gjev det frodig jordsmonnet høve for avlingar av kveite, mais, bomull og grønsaker, med vinrankar og frukthagar kring Zahlé. Det vert òg produsert hasj og opiumsvalmue, som vert eksportert som ein del av den ulovlege narkotikahandelen. Sidan 1957 har Litani vassenergiprosjekt - ei rekkje kanalar og ei demning ved Qaraounsjøen i sørenden av dalen, gjort tilhøva for kunstig vatning betre for gardane i Beqaadalen.

Distrikt og byar[endre | endre wikiteksten]

Zahle, hovudstaden av Bekaadalen

Zahlé er den største byen og det administrative senteret i Beqaa guvernement. Han ligg like nord for hovudvegen mellom Beirut og Damaskus, som kryssar dalne. Dei fleste innbyggjarane i Zahle er libanesisk kristne, inkludert den melkittisk-katolsk kyrkja, den maronittiske kyrkja og medlem i den gresk-ortodokse kyrkja. Byen Anjar, heilt aust i dalen, har ein hovudsakleg armensk libanesisk folkesetnad og er òg kjend for dei arabiske ruinane frå 700-talet.

Dei fleste av innbyggjarane i dei nordlege distrikta Beqaa, Baalbeck og Hermel, er libanesisk sjiamuslimar, med unntak av byen Deir el Ahmar, der innbyggjarane er kristne. Baalbeck og Hermel distrikt har ein kristen og sunni-minoritet, hovudsakleg lenger nord langs grensa til Syria.

Dei vestlege og sørlege distrikta i dalen har òg ein blanda folkesetnad av muslimar, kristne og drusarar. Byen Jib Janine med kring 9 000 innbyggjarar, ligg halvvegs i dalen, og er hovudsakleg sunni. Jib Janine er det administrative senteret i regionen kalla Vest-Bekaa, med kommunale tenester som akuttmotak (Raude Krossen), ein brannstasjon, og ein rettsal. Andre byar i Vest-Bekaa er Machghara, Sabghine, Kamed al Lawz, Qab Elias, Sohmor og Yohmor. Desse byane er religiøst miksa. I Rachaiya al Wadi, aust for Vest-Bekaa distrikt, ligg den libanesiske sida av Hermon og grensa til Syria. Distriktssenteret, Rachaiya al Wadi (må ikkje forvekslast med Rachaiya al Foukhar i Sør-Libanon), er kjend fro den gamle, renoverte souken og det som vert kalla sjølvstendeborga, der leiarar i Libanon før sjølvstende vart halde fanga av franske soldatar før dei vart sleppte fri i 1943. Den sørlege delen av distriktet er busett av drusarar og kristne libanesarar, medan den andre nordlege delen hovudsakleg er busett av sunnimuslimar.

På grunn av krigar og dei ustabil økonomiske og politiske tilhøva Libanon har hatt, med vanskane somme bønder har i dag, har mange innbyggjarar flytta frå dalen til kystbyane i Libanon eller emigrerte frå landet, hovudsakleg til Amerika eller Australia.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Vin[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå libanesisk vin.

Dei kjende vindruene og vingardane i Libanon ligg i Beqaadalen. Vinmaking er ein tradisjon som går attende 6000 år i Libanon. Med ei gjennomsnittleg høgd på 1000 moh, har dalen eit klima som høver godt for vindruer. Mykje regn om vinteren og mykje sol om sommaren gjer at druene gror lett. Det er meir enn eit dusin vingardar i Beqaadalen, som produserer meir enn seks millionar flasker per år.[1]

Illegal narkotika[endre | endre wikiteksten]

Narkotika har ein lang tradisjon i Bekaadalen, frå dagane i Romarriket til dagens dyrkarar og narkobaronar som arbeider med militsen i ein blømande cannabishandel. Under den libanesiske borgarkrigen var cannabisdyrking ei stor inntektskjelde i Bekaadalen, der det meste av hasj og opium i landet vart produsert, ein milliardindustri som støtta jordbrukssektoren, politiske fraksjonar og organisert kriminalitet. Handelen kollapsa under den verdsomfattande kampen mot narkotika leia av USA tidleg i 1990-åra. Med press frå det amerikanske utanriksdepartementet pløydde den syriske hæren opp cannabisåkrane i Bekaa og sprøyta dei med gift. Sidan midten av 1990-åra har dyrkinga og produksjonen av narkotika i Bekaadalen vore i stadig nedgang. I 2002 vart det estimert at 2 500 hektar[5] med cannabis vart avgrensa til dei nordlegaste områda av dalen, der styresmaktene har minimalt nærvær. Kvart år sidan 2001 har den libanesiske hæren pløydd cannabisåkrar for å øydeleggje avlingane før innhausting,[6] og det er estimert at dette ikkje eliminerer meir enn 30% av dei totale avlingane. Sjølv om det var viktig i borgarkrigen, er opiumdyrkinga vorte marginal, og falt frå eit estimat på 30 tonn per år i 1983 til berre små mengder i 2004.

På grunn av aukande politisk uro som svekka den sentrale libanesiske regjeringa under Libanonkrigen i 2006 og 2007 og på grunn av manglande alternativ, har narkotikaproduksjonen i området auka kraftig,[7] men er framleis berre ein liten del av produksjonen frå borgarkrigstida og avgrensa til områda nord for Baalbek, der den organiserte kriminaliteten står sterkt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bekaadalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Global eye - Spring 2006 - Eye on Lebanon - The Bekaa Valley
  2. «Chateau Musar». Chateau Musar. http://www.chateaumusar.com/. Henta 10. september 2013. 
  3. «chateauksara». chateauksara. http://www.chateauksara.com.lb. Henta 10. september 2013. 
  4. «libanesisk wine». Massaya. http://www.massaya.com/. Henta 10. september 2013. 
  5. CIA - The World Factbook - Libanon
  6. United Press International, Feb 26 2002 'Libanon army destroys drugs'
  7. Lebanese find troubles fertile ground for cannabis | Editor's Choice | Reuters