Bekkestua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkestua
stad
Land  Noreg
Kart
Bekkestua
59°55′05″N 10°35′20″E / 59.918055555556°N 10.588888888889°E / 59.918055555556; 10.588888888889
Wikimedia Commons: Bekkestua

Bekkestua er ein tettstad i Bærum kommune i Akershus fylke. Bekkestua, som er nest største senter i Bærum (etter Sandvika), ligg der Bærumsveien tidlegare kryssa Gamle Ringeriksvei. Etter at Bærumsveien vart lagd i tunell under Bekkestua, er det no berre lokaltrafikk i sentrum.

Bekkestua har alle sentrumsfunksjonar, som bibliotek, brannstasjon, utsal for Vinmonopolet osb. På Bekkestua ligg idretts- og symjehallen Nadderudhallen, rullebretthallen (skeitehallen) Arena og fotballbanen Nadderud stadion, heimebanen til Stabæk fotballklubb, med fleire øvingsbanar ikring.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kolsåsbanen, ein grein av T-banenettet i Oslo, har stasjon på Bekkestua. Trikkelina Lilleakerbanen over Skøyen i Oslo og Jar i Bærum følgjer T-banelina på strekninga frå Jar fram til T-banestasjonen, som er endestasjonen for trikkelina. Det er dessutan busstasjon på Bekkestua knytt til T-banestasjonen, med mellom anna ein flybussrute direkte til Oslo LufthamnGardermoen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mykje av Bekkestua ligg på jorda til Gjønnes gard. Namnet har staden etter ei gammal tømmerstove som låg ved ei lita sildre som no for lengst er drenert. Bekkestua var tidlegare kjent for Statens husstellærerhøgskole på Ringstabekk rett i nærleiken.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.