Bel Canto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg musikkomgrepet bel canto

Bel Canto er ei musikkgruppe frå Tromsø.

Bel Canto vart starta i 1985 av Nils Johansen, Anneli Drecker, og Geir Jenssen. Gruppa drog ut av landet for å få platekontrakt, og fekk napp hos belgiske Crammed Discs. Dei første utgjevingane kom ut med bandnamnet Bel Kanto i Noreg for å unngå samanblanding med koret Bel Canto. Gruppa samarbeidde blant andre med Erik Meyn på låten «Kiss of spring».

Gruppa var eit av dei første i Noreg til å nytte datamaskiner som eit hovudelement i musikken, både i studio og på konsertar. Nils Johansen kjøpte det engelske datamaskinbaserte UMI-systemet frå vartfirmaet Umusic i London og enda med same komposisjonsverktøy som Vince Clarke (Depeche Mode, Yazoo, Erasure) og mange andre kjende engelske musikarar på åttitalet. Geir Jenssen vart den første i Noreg som brukte det eksotiske systemet Yamaha CX 5 live, og Bel Canto heldt fram å vere svært oppdaterte på teknologi. Seinare innførte Bel Canto andre musikalske element i musikken, først og fremst på grunn av multiinstrumentalisten Nils Johansen, som speler bass, gitar, fløyte, mandolin og ei rekke andre instrument, ved sida av å ha hatt fiolin som hovudinstrument frå han var barn.

Geir Jenssen forlét bandet før Shimmering, Warm & Bright, og er blant anna kjend for solo-prosjekta Bleep og Biosphere.

Albumet Magic Box var planlagt som den internasjonalen gjennombrotet, men sjølv om førstesingelen gjorde det skarpt på dei amerikanske danselistene, vart Bel Canto aldri noko meir enn eit middels stort band utanfor Noreg.

For albumet Shimmering, Warm & Bright vann bandet Spellemannprisen 1992 i klassa pop. For Magic Box vann dei klassene gruppe og dance/techno under Spellemannprisen 1996.

Bel Canto eksisterer framleis i 2007 med Anneli Drecker og Nils Johansen som faste medlemer og med perkusjonisten Andreas Eriksen som ein tredje medlem. Både Anneli Drecker og Nils Johansen gjer musikkprosjekt ved sida av å halde liv i Bel Canto; Drecker med stadige soloprosjekt og samarbeid med andre artistar og kunstinstitusjonar (teater/film) og Nils Johansen gjennom medlemskapen sin i gruppa Vajas.

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 White-Out Conditions, Crammed Discs/WEA
  • 1990 Birds of Passage, Crammed Discs/WEA
  • 1992 Shimmering, Warm & Bright, Dali
  • 1996 Magic Box, Atlantic
  • 1998 Rush, EMI Norway
  • 1999 Images, EMI Norway
  • 2001 Retrospect (best of), WEA (førsteopplag med bonus-CD med sjeldent materiale)
  • 2003 Dorothy's Victory, EMI

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Omsett frå Bokmålswikipedia 29.10.07