Belasitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belasitsa
Беласица
Belasitsa  Беласица -
Høgd over havet 2 029 moh
Ligg i/på Hellas, Republikken Makedonia og Bulgaria

Belasitsa (makedonsk og bulgarsk Беласица, gresk Μπέλες, Béles eller Κερκίνη, Kerkíni) er ei fjellkjede i regionen Makedonia i Søraust-Europa på grensa mellom Hellas, Republikken Makedonia og Bulgaria. Området er kjend for slaget ved Kleidion i 1014, som var avgerande for fallet til Det første bulgarske riket.

Fjellkjeda er om lag 60 km lang og 7-9 km brei og ligg like nordaust for Dojransjøen. Det høgaste punktet er Radomir på 2 029 moh, og elles ligg fjellkjeda 300 til 1 900 moh. Klimaer er sterkt påverka av Middelhavet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]