Belenpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°28′46.20″N 36°13′55.20″E
Belenpasset
Belen Geçidi
fjellovergang
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Hatay
Fjellkjede Nurfjella
høgd 660 moh
koordinatar 36°28′46.20″N 36°13′55.20″E
Gjennomfartsåre D817, E91
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Belenpasset (tyrkisk Belen Geçidi), òg kjend som Den syriske porten, er ein fjellovergang i Belen i provinsen Hatay sør i det sentrale Tyrkia. Det smale passet gjennom Nurfjella, er ein av dei viktigaste rutene frå kystregionen Cilicia til det indre av Syria.

Passet er kanskje mest kjend som staden der Aleksander den store jaga styrkane til Darius III av Persia gjennom etter slaget ved Issus. I vestenden av passet står Jonasøyla, der profeten Jona visstnok ifylgje mytologien vart spytta ut av fisken som svelgde han.

Den 28. juli 1832 fann det stad eit stort slag stad ved passet mellom Det osmanske riket og Egypt, der styrkane til Ibrahim Pasja av Egypt slo osmanarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]