Belenski most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belenski most
Бяла - мостът на Кольо Фичето.jpg

Den originale brua

Offisielt namn Belenski most
Transporterer Bilar, fotgjengarar
Kryssar Elva Jantra
Stad Nær Bjala i provinsen Ruse i Bulgaria
Utforming Bogebru
Lengste spenn 12 m
Total lengd 276 m
Breidd 6 m
Seglingshøgd 12 m
Opna 1867

Belenski most (Беленски мост) eller Bjala bru er ei bogebru over elva Jantra nord i Bulgaria, om lag 1 km frå landsbyen Bjala i provinsen Ruse. Ho vart rekna som ei stor bragd under gjenoppbygginga av Bulgaria på midten av 1800-talet.

Brua vart konstruert mellom 1865 og 1867 av den bulgarske arkitekten Kolju Fitsjeto etter ordre frå den tyrkiske statsmannen Mithat Pasha. Ho er 276 m lang og 6 m breid, med 14 bogar som kvar har ei seglingshøgd på 12 meter og dekorert med relief av dyr. Brua er laga av lokal kalkstein og kalksteinsmørtel.

Belenski most vart skada under ein flaum i 1897, og om lag 130 meter av brua vart øydelagd. Ho vart rekonstruert mellom 1922 og 1923 med armert betong, men den opphavlege forma var uendra.

Ei ny bru er bygd ved sida av den gamle

Brua er ikkje egna for moderne biltrafikk, og ei ny bru er bygd ved sida av den gamle (om lag 40 meter frå) for å ta seg av trafikken.