Belfast
|
Belfast |
|||
|---|---|---|---|
| irsk | Béal Feirste | ||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Konstituerande land | |||
| Region | County Antrim County Down]] |
||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
115 km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | BT | ||
| Telefon-retningsnummer | 028 | ||
| Nettstad: www.belfastcity.gov.uk | |||
Belfast er den største byen og hovudstaden i Nord-Irland, eit konstituert land i Storbritannia. Frå 1973 har byen vore eit administrativt distrikt, som òg omfattar området rundt.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namnet Belfast kjem frå irsk Béal Feirsde (seinare stava Feirste), 'munningen ved sandbanken' eller 'vadestaden'. Namnet til elva Farset, som tidlegare prega byen, er også knytt til denne sandbanken.
[endre] Geografi
Belfast ligg ved munningen av elva Lagan, ved Belfast Lough. Byen er omgjeven av fjell, mellom anna Black Mountain, Cavehill og Castlereagh Hills.
Sentrum av byen har fyrst på 2000-talet vorte opprusta kraftig, spesielt området ved elva. I store område er det ikkje lov med bilkøyring. Dei viktigaste bygga er frå viktoriansk og edvardiansk tid. Av desse kan nemnast Queen's University (1849), rådhuset (1903) og Ulster Bank (1860).
Byen har den største tørrdokken i verda, ved Harland and Wolff skipsverft. Dei to enorme kranane Samson og Goliath er kjende landemerke. Verftet er spesielt kjend for å ha konstruert skipet RMS «Titanic».
Byen har to flyplassar: Belfast City Airport ved Belfast Lough, og Belfast International Airport ved Lough Neagh.
[endre] Historie
Byen har lenge vore delt i katolske og protestantiske område. Etter at The Troubles starta i slutten av 1960-åra vart det oppretta sperringar (peace lines) mellom bydelar som huste dei ulike gruppene. Etter at Det provisoriske IRA annonserte våpenkvile i 1997 har byen vore relativt fredeleg, men sperringane er ikkje tekne ned.
Den nordlege delen av byen er kjend for sine politiske veggmåleri. I det protestantiske området kring Shankill Road finn ein maleri som uttrykkjer lojalitet til Storbritannia. I katolske område som Falls Road og Ardoyne er republikanske ideal som vert framstilt.
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Belfast» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2010.