Belfast internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belfast lufthamn

Belfast International Airport, December 2010.JPG

IATA: BFSICAO: EGAA
Oversyn
Flyplasstype Sivil
Operatør ADC & HAS[1]
Tener Belfast i Nord-Irland
Stad Aldergrove i County Antrim
Høgd  82 moh
Høgd  268 foh
Nettside www.belfastairport.com
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
07/25 9121 2780 Asfalt
17/35 6204 1891 Asfalt
Statistikk (2008)
Passasjerar 5262354
Flyrørsler 77943
Frakt 48000 tonn[2]

Belfast internasjonale lufthamn er ein internasjonal flyplass som ligg 20 km nordvest for Belfast i Nord-Irland, ved småbyen Aldergrove. Det tidlegare og lokale namnet er Aldergrove Airport.

Flyplassen hadde rundt 4,3 millionar passasjerar i 2012, ein auke på 5,1 % i 2011.[3] Belfast er den mest brukte flyplassen i Nord-Irland og den andre mest brukte på heile Irland, etter Dublin lufthamn.

Flyplassen er privateigd og tilhøyrer ADC & HAS,[1] som også eig Stockholm Skavsta, Orlando Sanford, Daniel Oduber Quirós, Mariscal Sucre og Juan Santamaría.

Han har to rullebanar. Fram til 2008 delte flyplassen rullebanane med den militære flystasjonen RAF Aldergrove, som no er ein helikopterflyplass.

Det finst også ein mindre flyplass i Belfast - George Best Belfast City Airport, tidlegare kjend som Belfast hamneflyplass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belfast internasjonale lufthamn

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «albertis - Belfast International Airport». Belfast International Airport. http://www.belfastairport.com/en/content/8/99/abertis.html. Henta 19. desember 2011.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «Key facts». Belfast International Airport. http://www.belfastairport.com/en/content/8/156/key-facts.html. Henta 2009-09-01.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
  3. «CAA: UK Annual Airport Statistics». UK Civil Aviation Authority. http://www.caa.co.uk/default.aspx?catid=80&pagetype=88&pageid=3&sglid=3. Henta 2012-03-07.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.